Brann har vore gjennom ei svært turbulent tid. Først med nachspielet på Brann Stadion, der 12 spelarar var involvert, og i går fekk Kristoffer Barmen sparken i klubben.
– Eg synest gutane handterte det som skjedde i går veldig bra, sa Eirik Horneland til NRK etter kampen.
Krise har det også vore på fotballbanen denne sesongen, og heller ikkje mot Strømsgodset fekk dei poeng.
– Me har drite oss ut, men eg håpar dei kan tilgi og støtte oss gjennom dei neste kampane, for det treng me absolutt. Den tolvte mann er heilt avgjerande for at me skal bli verande i Eliteserien, sa Fredrik Pallesen Knudsen.
Sprudlande start
Det var mykje vilje i Brann, og det gav også resultat i første omgang. Aune Heggebø stanga inn 1-0, som gjorde at brann leia etter at kampen var halvspelt.
– Eit Brann-lag med herleg energi og engasjement, sa Discovery-kommentator Kenneth Fredheim, da laga gjekk til pause.
Men i andre omgang kollapsa bergensarane.
Først banka Herman Stengel inn utlikna.
Eit kvarter seinare heada Gustav Valsvik inn leiinga til heimelaget.
Vondt blei til verre like før slutt, da Tobias Fjeld Gulliksen la på til 3–1. Trass i tapet var det likevel noko oppløftande med spelet til Brann, spesielt i første omgang.
– Det dei har evna å finne i energi etter nokre tøffe veker gir håp for Brann på vegen vidare, sa fotballekspert i Discovery, Tor Ole Skullerud.
– Det har vore mykje utanomsportsleg, men eg føler me har vore klare for kamp, sa Aune Heggebø til NRK etter kampen.
Brann ligg framleis heilt sist med sine 10 poeng etter 16 serierundar.