– Det var steinhardt og tungt, men veldig gøy. Det ser kanskje lett ut, men vi jobba hardt for dette. Vi hadde mannsmarkering over heile bana, og det tar på kreftene, sa Skålevik til NRK.
Det er ingen tvil: Serieleiar Brann er gode for tida. Mot formsterkeTromsø blei det ein ny klar heimesiger. Tromsø var før denne runden det mestscorande laget, men var sjanselause i Bergen.
– Det er mykje kraft i spelet. Vi kan køyre heile kampen. Vi gav dei ikkje mykje rom i dag. Det er ikkje triveleg å møte oss no, vi er sterke for tida, seier ein svært nøgd Brann-trenar Lars Arne Nilsen.
– Gøy
– Det er gøy no. Vi maktar nok ikkje å halde denne krafta eit heilt år. Men vi har spela åtte kampar og fått ein kjempestart.
Han ser i grunnen berre ei bekymring framover.
– No har vi friske folk. Faren er at vi kan få skader på viktige spelarar. Så vi skal ikkje ta av, seier Nilsen.
Kristoffer Barmen tok ikkje av etter sigeren.
– Vi vann ein kamp vi skal vinne. Tromsø er gode, så dette var eit potensielt bananskal. Derfor gjekk vi sterkt ut for å halde dei frå livet, seier Barmen.
Det opna med eit sjølvmål av Simen Wangberg, som var uheldig og toucha ballen etter eit langskot av Gilli Rólantsson.
To avgjerande Brann-minutt
Så viste Brann i løpet av to minutt at dei er i flyten og har marginane på si side. Brann-keeper Samuel Shlin-Radinger bomma stygt med ei utboksing, og Taylor hadde alle tiders sjanse mot heilt ope mål. Men på streken stod Bismar Acosta og fekk hovudet på ballen.
Like etter kontra Brann. Koomsons innlegg evar ikkje vanskeleg, men Robert Taylor rota det til likevel. Det gav Skålevik lett jobb med 2–0.
Og då Skålevik blei spela fri og runden keeper, stod det 3–0.
Brann har berre sleppt inn to mål i år. Heime har dei null.
– Brann var klart best
– Dei er eit svært sterkt lag. I dag var dei mykje betre. Vi klarte ikkje å spele oss ut., sa Tromsø-trenar Simo Valakari til Eurosport etter kampen.
– Vi er skuffa over resultatet. Men vi skal kome sterkare tilbake.
Sju poeng skil no frå Brann og ned til Rosenborg. Det kan krympe til seks når Molde møter Sarpsborg måndag.
– Blir det gull i år?
– Vi i klubben skal halde oss på jorda og tenkjer ikkje så mykje på det enno. Så får heller Bergen ta av, seier tomålsscorar Skålevik.