Bol tok Kristoff i spurten
Nederlandske Cees Bol spurtslo Alexander Kristoff og vann opningsetappen av Tour of Norway. Kristoff vart nummer tre. Eduard Michael Grosu frå Belgia tok også nordmannen i spurten på den 169 kilometer lange etappen ifrå Stavanger til Egersund. Edvald Boasson Hagen starta spurten for tidleg og nådde ikkje opp.