– Det blir litt kjedeleg og einsformig i lengda. Eg blir litt lei, men det er jo den einaste idretten eg kan drive med.
Roger Aandalen seier det med eit smil og ein latter, som han eigentleg gjer med alt han seier.
HARDTRENING: I vekene før avreise til Rio har Roger Aandalen køyrt til Moss tre gonger i veka og trent boccia over 15 timar i veka.
Foto: Gjermund Midtbø / NRKTrenar 15 timar i veka
Men sjølv om det er den einaste idretten som eignar seg for ein mann med CP, er det ikkje dermed sagt at det er ein god kombinasjon.
– Med CP har eg jo veldig mykje spasmer og kan ikkje sitje roleg. Boccia er ein presisjonsidrett, så det passar ikkje heilt saman. Det er derfor det er så kult, smiler Roger.
51-åringen blei kjent som Boccia-Roger da han tok bronse i Paralympics, åtte år etter han tok sølvmedaljen i Athen.
– Det var veldig morsomt. Det var mange som kjente meg igjen på gata, og det er ikkje daglegdags for ein bocciautøvar. Eg blei kanskje ein slags K-kjendis, ler han.
Me treffer han i det han er inne i sin mest intensive treningsperiode, på jakt etter sin siste medalje.
– Rio var fokuset mitt med ein gong etter London. Eg har bestemt på førehand at det er slutt etter Rio.
KJENDIS: Etter bronsemedaljen i London blei Boccia-Roger ein snakkis og han fortel at han blei gjenkjent på gata i månedane etter.
Foto: NRKSkuffa i VM og mista Rio-billetten
Men lenge såg det ut som Aandalen ikkje skulle få oppleve sine sjette paralympiske leikar. VM gjekk som han sjølv seier: «rett i dass».
Derfor var han ikkje blant dei best ranka utøvarane da det internasjonale forbundet gjorde uttaket til Rio. Han var den første på rankinglista som ikkje fekk Rio-billett.
– Eg visste på førehand at eg låg dårleg an, men blei sjølvsagt veldig skuffa over at eg ikkje kvalifiserte meg. Det var tungt.
Aandalen gjekk mot å legge opp. Motivasjonen til å satse enda fire år til mot Tokyo i 2020 var ikkje til stades, men ein dag i august snudde alt.
Reglane er kompliserte (les faktaboks), men Roger Aandalen fekk plutseleg ein ekstra billett.
– Det var rett og slett ekstase det. Det er ikkje verst å få ein slik beskjed, gliser han.
Den siste tida har han lagt alt anna til side. 15 timar i veka har han trent og tre gonger i veka har han køyrt tre timar fram og tilbake til Moss for å trene.
Sambuaren er blitt litt lei, medgir han, men Roger har medalje i sikte.
– Viss alt er på plass kan det gå veldig bra.
– Kva er målet?
– Torer eg å seie det høgt det da?
Han ler, men blir overtalt.
– Ok, viss alt går bra håpar eg å ta medalje.