Årsaka til disken var at Hagen i innspurten la seg inn mot gjerdet til venstre, og derfor måtte hardaste utfordraren Elia Viviani rundt på utsida. Dermed blei italienaren slått og enda på andreplass.
Vivanis lag Sky protesterte, og juryen gav Sky medhald. Dermed mista Edvald Boasson Hagen sigeren.
Men det tok 40 minutt før juryens avgjerd kom. I mellomtida hadde Hagen blitt presentert som vinnar og fått tildelt den grøne leiartrøya.
Hagen blir ikkje diska frå rittet, men han blir deplassert. Han får behalde same tid som hovudfeltet, men er plassert som nummer 109 på den offisielle resultatlista frå dagens etappe.
Bak kontroversen om sigeren sykla Alexander Kristoff inn til femteplass på dagens etappe.
– Berre å beklage
– Eg har ikkje sett opptaket frå spurten sjølv. Men eg såg at eg var altfor nær gjerdet, og eg sperra han, seier Boasson Hagen til NRK rett etter at han har vått vite at han er diska.
– Eg veit eg gjorde ein feil, og då er det ingen vits med kontraklage.
– Det var absolutt ikkje meininga å presse han inn mot gjerdet. Det er berre å beklage. Eg såg ned og spurta det eg kunne, sa Hagen.
Det er første gongen Edvald Boasson Hagen blir diska frå ein siger.
– Eg veit ikkje om han oppfatta beklaginga. Vi får ta det seinare, seier Hagen, som var først over målstreken.
– Eg får berre håpe at det ikkje blir klaging og disking, sjølv om eg gjorde ein feil, sa han rett etter målgang.
Sint italienar
Viviani sjølv var sint etterpå.
– Eg var i perfekt posisjon ut frå siste svingen. Men «Eddie» kom inn mot meg, og eg måtte bremse og restarte dei siste 50 metrane.
– Eg veit dette ikkje er noko han gjer ofte. Men han gjorde det i dag, og eg er glad juryen såg det også, seier Viviani til NRK.
– Eg var verkeleg sint etter målgang. Eg hadde krefter til å vinne etappen, seier italienaren, som no står som vinnar etter at Boasson Hagen blei diska.
– Det er inga god kjensle å ha hindra ein konkurrent, seier Boasson Hagen.
Han og laget leverte ein elles perfekt innspurt, der Mark Renshaws opptrekk var akkurat som det skulle vere.
– Laget gjorde ein god jobb. Det er gøy å køyre når vi som lag er så sterke som no, seier Dimension Data-ryttaren.
– Det gjer det ekstra surt å bli deplassert.
Hagen fekk utdelt den grøne leiartrøya etter to etappar, men måtte gje den frå seg til Viviani. Hagen er nr 3 i samandraget, sju sekund bak Viviani.
Den 211 km lange etappen gjekk frå Kielder Water til Blyth i Nordaust-England og er rittets lengste. Rittet blir avslutta søndag 10. september.