- Saka oppdaterast.
– Det var godt å ta den. Det var hardt og ein tøff kamp, men eg er glad eg tok det til slutt. Forma kjennast bra, seier Boasson Hagen etter målgang, knappe to veker før årets Tour de France.
Vegard Stake Laengen (IAM Cycling) hadde leiinga med nokre sekund undervegs, men til slutt viste Boasson Hagen som den sterkaste og sikra sitt åttande NM-gull på tempo.
– Det var veldig jamt og han har vist god tempoform. Eg frykta den kampen litt, men heldigvis disponerte eg kreftene riktig, seier Boasson Hagen til NRK.
– Bør du få køyre OL-tempoen for Norge?
– Eg håpar at eg har lagt inn ein god søknad og eg har lyst på den. Men det er ikkje opp til meg å bestemme det, seier Boasson Hagen til NRK.
Stake Laengen tok tredjeplassen på tempoetappen under Giro de Italia tidlegare i år, medan Edvald Boasson Hagen vann tempoetappen under Tour of Qatar.
– Edvald og Vegard er dei sterkaste kandidatane til OL, den passar like bra for begge og då begge er temposterke, seier Hans Falk i sykkelforbundet.
Kven som får representera Norge under tempoen i Rio vert avgjort på eit seinare tidspunkt.