6, 5, 5, 6, 6 og 3.
Det blei ein heil del bom for dei seks utøvarane på elitelaget under gårsdagens fellesstart på Sjusjøen. Viss du tek med dei fem på kvinnelaget gjekk landslaget heile 95 strafferundar på to dagar i sesongopninga.
Trenger overhøvling
– Det var ein litt sånn halvskuffa gjeng inne i teltet etter målgang i dag. Me viser at me går meir enn raskt nok på ski, men skytinga har vore alt for dårleg, sa Bø etter målgang på fellesstarten der han blei nummer tre med seks strafferundar.
Så dårleg syntest Bø innsatsen på standplass var at han venta på kjeft frå landslagstrenar Gjelland.
– Eg håpar Egil har lært noko triks av «Shampo-Knutsen», så me får ei skikkeleg overhøvling og kraftsalve i kveld, smålo han og la til.
– Me må høyre at me skyter for dårleg når det er så dårleg som dette.
Imponerte med forrykande siste runde
– Blir det kjeft å få i kveld, Gjelland?
– Det var jo ikkje bra. Huff, dei må nok få litt kjeft ja. Me må sjå på det som er gjort, innrømmer landslagstrenaren.
Men farta i sporet treng ikkje landslagstrenaren å bekymre seg for. På den siste runden viste Tarjei Bø ein «punch» og fart i sporet ein kanskje aldri har sett av stryningen.
– Ja, det var kult å knekke nokre franskmann og tyskarar på dei siste rundane. Eg er i veldig god fysisk form og følte eg kunne leike meg litt på skia.
Spørsmålet som då naturleg nok kjem opp er om Bø er for tidleg i form, men det dyssar han sjølv ned. Ei sesongoppkøyring utan sjukdom for fyrste gong på mange år, får æra for pangopninga.
LES SAKA: Redd for sykdom: Bø dropper julefeiringa
– Eg flyter godt på det gode treningsgrunnlaget eg har. Det er det som gjer at eg går fort i dag, eg har ikkje lagt opp til noko formtopp i helga.
Egil Gjelland er heller ikkje redd for at Bø brenner opp kruttet for tidleg.
– Nei, nei. Tarjei er frisk han og det lovar bra. Men han skal jo ikkje vere i form nå og har heller ikkje tatt det med ro i forkant.