Adressa skriv at president i Norges Skiforbund er klar og tydeleg på at forbundet ikkje vil gjenoppta forhandlingar med Northug om representasjonsavtalen i neste veke. Fristen går ut 1. november.
- Om Northug seier nei til avtalen med skiforbundet har han lukka alle dører for VM-deltaking.
- Skiforbundet nektar Northug friplassen han har på 15-kilometeren i Falun som regjerande meister.
- Northug får heller ikkje sjansen til å benytte seg av ein eventuell friplass i verdscupen som han kan få på bakgrunn av gode resultat i Skandinavisk Cup. Den som leier den skandinaviske cupen ved juletider, får i utgangspunktet delta i alle verdscuprenn på nyåret, skriv Adressa.
– Vi nektar ikkje Petter Northug å delta i VM og verdscup, men han må følge lovverket. Det er i så fall han sjølv som tar valet om ikkje å vere aktuell for VM i Falun, seier Opdal.
Må avgjøre på høgdeopphald i Val Senales
Northug er for tida på høgdeopphald i Val Senales. Der er også resten av det norske landslaget. Mellom skiøktene har han mykje å tenke på. Laurdag denne veka går fristen for signering med skiforbundet ut - og fristen er absolutt.
– Det handlar om å beskytte idrettens marknadsrettigheiter til løparar som til einkvar tid er utatt på forbundets landslag eller representasjonslag, seier Opsal.
Nektar Northug ny kolleksjon
Pappa John Northug er ein av fleire som har vore involvert i Petter Northugs forhandlingar med skiforbundet. I tillegg har COOP-sjef Svein Fanebust tatt del i møter på vegne av Team Northug.
Ingen i Team Northug har så langt ønska å kommentere om dei ønskar å signere avtalen, men konflikten med skiforbundet er openbar:
Team Northug vil denne vinteren lansere ny kleskolleksjon i samarbeid med Swix. Det nektar Norges Skiforbund gå med på. Kristin Paus i COOP har bekrefta overfor Adressa at kolleksjonen er klare for distribusjon innan kort tid.
– Vi kjem tilbake når vi har noko å meddele, skriv manager Are Sørum Langås i ein sms til Adressa.