Hopp til innhold

Biletet symjeverda snakkar om: – Ho såg ut som om ho kjeda seg

USAs symjestjerne Katie Ledecky knuste all motstand på 1500 meter fri i VM. Då amerikanaren sikra gullet, var konkurrentane så langt unna at dei ikkje eingong kom med i bileta frå TV-produksjonen.

Svømming, 1500 m fri.

HEILT SUVEREN: Katie Ledecky sumde inn til VM-gull, 14 sekund føre neste kvinne.

Foto: SVT

Ledecky, som av mange blir rekna som den beste kvinnelege symjaren nokosinne, har vore fullstendig overlegen under VM i Budapest.

Under 1500 meter på tysdag var amerikanaren så suveren at ho måtte vente 14 sekund etter målgang før Katie Grimes frå USA sikra andreplassen.

TV-opptaka som viser Ledecky som ventar på konkurrentane, har vekt oppsikt over heile verda. Fleire medium konkluderer, kanskje litt spøkefullt, med at ho vart lei av å vente.

– Ho såg ut som om ho kjeda seg medan ho venta, skriv den amerikanske sportsnettstaden SB Nation.

Den australske sportsnettstaden news.com meiner 1500 meteren demonstrerte kor suveren Ledecky er.

– Symjeverda lét seg imponere då TV-kameraa med brutale detaljar viste nøyaktig kor uvanleg denne stjerna er, skriv nettstaden.

Katie Ledecky

Katie Ledecky blir rekna av mange som den beste kvinnelege symjaren i verda no.

Foto: FERENC ISZA / AFP

– Heilt suveren

Statistikken taler det klare språket sitt når det gjeld Ledeckys prestasjonar. Ho står med dei 13 raskaste tidene nokosinne på 1500 meter fri.

Ledeckys tid i VM (15.30,15) er rett nok nesten 10 sekund unna hennar eigen verdsrekord. Det er likevel meir enn åtte sekund raskare enn nokon andre har sumt distansen.

NRKs symjeekspert, Aleksander Hetland, meiner Ledecky er på eit heilt eige nivå.

– Ho er heilt suveren på langdistanseøvingane, seier Hetland, som karakteriserer henne som den beste kvinnelege symjaren i verda i fri-øvingane.

– Alle idrettar treng nokon som bryt barrierar, fortel den tidlegare symjaren.

Hetland påpeikar at 14 sekund på ein 1500 meter som tek 15 minutt ikkje er unikt.

– Eg har sett det før.

Han understrekar likevel:

– Det viser berre at ein er heilt suveren, kommenterer han.

Aleksander Hetland

Aleksander Hetland er NRKs symjeekspert.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Det er ganske vilt

Gullet var Ledeckys 17. VM-gull, men seinare i VM vart det eit nytt gull saman med USAs lag på 4 x 200 meter.

Med dei 18 VM-gulla sine har ho dermed like mange edle medaljar som ei anna symjestjerne frå USA, Ryan Lochte. Ho har til saman 21 VM-medaljar og er no den kvinna som har vunne flest medaljar i VM.

25-åringen har vunne gull i dei tre øvingane ho har konkurrert i under verdsmeisterskapen, med individuelle sigrar på både 400 meter og 1500 meter fristil.

– Det er ganske vilt. Eg føler at det var i går at eg var i Barcelona på mitt første VM, sa 25-åringen etter sigeren på 1500 meteren.

16 år gamle Grimes frå USA vart elles den nest yngste medaljevinnaren på 1500 i eit VM sidan nettopp Ledecky vann på distansen i 2013.

– Å dele denne augneblinken med henne er veldig spesielt, sa Ledeck.

Les også: VM-symjar svima av i bassenget: – Det var skremmande, eg såg ho ikkje pusta

Anita Alvarez
Anita Alvarez

Sportsnyheter

Ingebrigtsen vant superduell: – Han knuser utfordrerne

Jakob Ingebrigtsen (22) fikk endelig måle krefter mot Yared Nuguse (23). Den duellen vant han komfortabelt.

Everton

Absurd hendelse i nedrykksdrama: – Biter han ikke, da?

Med nød og neppe unngikk Everton en krisesesong og skal også spille Premier League neste sesong. I jubeleuforien ble også en glefsesituasjon og bitespekulasjoner heftig diskutert.

Siste nytt

  • Sørloth scoret da Real Sociedad sikret mesterligaspill

    Alexander Sørloth sitt tolvte seriemål for sesongen da da Real Sociedad tapte 1-2 for Atletico Madrid søndag. Dermed er han tidenes mestscorende nordmann i én og samme La Liga-sesong.

    Det gjenstår bare én serierunde i spansk toppfotball denne sesongen, og med fire poeng ned til Villarreal på femteplassen er Real Sociedad sikret plass i mesterligaens gruppespill neste sesong. Villarreal tapte 1-2 for Rayo Vallecano søndag, skriver NTB.

    Sørloth, scoring
    Foto: LLUIS GENE / AFP
  • Målrikt mellom Southampton og Liverpool

    Mohamed Elyounoussi og Southampton var nedrykksklare før siste serierunde, men de bidro likevel med underholdning søndag. Da spilte de nemlig 4-4 mot Liverpool.

    Elyounoussi var med fra start for Southampton og ble byttet ut etter 63 minutter. Totalt spilte han 33 seriekamper denne sesongen, 27 fra start. Han noterte seg for ett mål og én målgivende pasning, skriver NTB.

    Premier League - Southampton v Liverpool
    Foto: PETER NICHOLLS / Reuters
  • Aston Villa kapret den siste europaplassen i Premier League

    Aston Villa vant 2-1 mot Brighton i siste serierunde av Premier League. Dermed endte laget på 7.-plassen som gir kvalifisering til serieligaen.

    – Det er utrolig. Da jeg våknet opp på bursdagen min var dette det eneste jeg ønsket meg. To assist, tre poeng og spill i Europa igjen, sa Aston Villa-spiller Jacob Ramsey etter kampen, ifølge BBC.

    Midtbanespilleren fylte 22 år søndag, melder NTB.

    Premier League - Aston Villa v Brighton & Hove Albion
    Foto: ED SYKES / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste