Med berre 19 dagar igjen til Paralmypics skal arrangerast i Rio de Janeiro, manglar arrangørane over 670 millionar kroner for å arrangere leikane som planlagd.
Det betyr at ein arena blir droppa frå arrangementet, i tillegg til at vakthald og transport blir nedprioritert. 10 land slit også med å delta i leikane, på grunn av manglande stipend.
No må presidenten i det internasjonale paralympiske forbundet (IPC), Sir Phillip Craven, tigge pengar hjå den brasilianske presidenten for å gjennomføre arrangementet.
Billettkrise
SKUFFA: IPC-president Sir Phillip Craven seier at dette er den største utfordringa Paralympics nokon sinne har stått ovanfor.
Foto: REUTERS TV / ReutersFor mykje av pengane som skulle blitt brukt på Paralympics skal i staden ha gått til dei olympiske leikane som blir arrangert i same by, to veker før. Det melder blant anna britiske Independent.
I tillegg slit Paralympics skikkeleg med billettsalget, og berre 12% av alle billettane til arrangementet er selde. Det vil seie at over to millionar billettar fortsatt er uselde.
– Sidan me blei oppmerksame på omfanget av problemet, har me jobba alt me kan for å finne løysingar på det. Aldri før i den 56 år lange historia til Paralympics har me opplevd slike omstende, seier Sir Phillip i ei pressemelding utsendt av IPC.
På pengejakt
Sir Phillip har hatt møter med både ordføraren i Rio, Eduardo Paes, og den midlertidige presidenten i Brasil, Michel Temer. Alt i eit forsøk på å samle inn opp mot 600 millonar norske kroner til leikane.
– Det ligg i DNAet vårt å sjå hinder som ein sjanse til å gjere ting annleis, og det er akkurat det me gjer her. Me er problemløysarar av natur, og me kjemper for det me trur på, seier Sir Phillip.
ETTER PLANEN: Alle arrangement skal gå etter planen, i følge IPC-presidenten.
Foto: Chuck Burton / ApHan garanterar at leikane vil gå som planlagd, trass budsjettkutta. Men han tek situasjonen alvorleg, særleg det at dei fattigaste landa kan bli hindra frå å delta. Paralympics skulle ha betalt alle dei 165 deltakarlanda støtte til å vere med i leikane i slutten av juli, men er enno ikkje gitt ut til alle land.
Sjølv om dei kjem i tide, kan det hindre dei fattigaste landa frå å delta, noko IPC seier dei prøver å løyse.
– Me vil at alle skal delta. No er det om lag 10 land som slit med å betale for reisa til Rio. Alle fortener å delta i Paralympics etter alt det harde arbeidet dei har lagt ned i trening og dedikasjon.