– Det var veldig herleg. Vi hadde ein god første omgang i dag og kjempeviktig med tre poeng, seier Syrstad Engen etter kampen.
– Ho er ein god spelar som har utvikla seg veldig, seier LSK-trenar Hege Riise.
Sjølv om det vart mål, var det også ein vemodig dag måtte Syrstad Engen innrømme etter avskjedskampen.
– Det er veldig trist. Det byrjar å gå opp for meg no og eg kjem nok til å kjenne på at det trist og forlate klubben.
Lagvenninne Guro Reiten er ikkje i tvil om at dei kjem til å sakne Syrstad Engen på laget.
– Sjølvsagt ville vi hatt ho på laget, men Ingrid fortener denne sjansen og kjem til å gjere det kjempebra.
Ho legg til at laget sjølvsagt kjem til å bli svekka av dette, men at ho reknar med nye vil kome inn.
Mål i første minutt
Det første målet kom alt før det var passert eit minutt. Målscorar Therese Sessy Åsland og Lillestrøm-kvinnene sette dermed standaren på ein kamp, der dei dominerte fullstendig i første omgang.
Etter 14 minutt sørga Ingrid Syrstad Engen for 2–0 i sin avskjedskamp for LSK. Dette er hennar siste kamp i gul drakt. 21-åringen forlèt LSK for å bli proff i Wolfsburg i Tyskland.
43 minutt ut i kampen blir Emilie Bosshard Haavi blir felt av Stine Hovland inne i 16-meteren. Guro Reiten sette den trygt i hjørnet og kan dermed notere seg sitt 12 seriemål for sesongen.
Etter kvilen er det derimot Sandviken som kjem best i gang. Tre minutt ut i andre omgang er det Kennya Cordner som kjem seg fri og slår ballen hardt i nærmaste hjørne.
Sandviken kom langt meir med i kampen i andre omgang, noko som også medførte fleire feil og langt mindre dominans av LSK.
– Kjempebra første omgang og ræva andre, kokluderar Guro Reiten.
– Dei er betre enn oss i første, men i andre omgang synst eg vi er best. Synd vi ikkje scorar fleire mål, seier Sandviken sin Stine Hovland.
LSK-trenar Hege Riise var helle ikkje nøgd med prestasjonen i andre omgang.
– Det såg ut som alle hadde sett meisterligaen i går, der alt skjedde i første omgang. Vi spelar ein veldig god første omgang, og desto dårlegare andre. Vi vinn ikkje duellane og slår bort ballen. Men eg glad vi vinn og det er fortent.
Klar leiing
LSK Kvinner er i ferd å feste grepet og leiar no Toppserien med 26 poeng. Det er sju poeng ned til Klepp på andreplass og med tapet i dag blir Sandviken ståande med 18 poeng.
Direktør for elitefotballen, Lise Klaveness, lét seg imponere av fleire av spelarane. Heile 11 VM-spelarar var i aksjon i kampen. Åtte på LSK Kvinner og tre på Sandviken.
– Det ser ut som dei spelar med stort overskot og dei offensive spelarane er i form.
Det er no pause i Toppserien til etter VM.