NRK Meny
Normal

Aviser snur etter Paralympics-kritikk

Norsk media har blitt massivt kritisert i sosiale media for ikkje å sende journalistar til Paralympics. Nå snur Aftenposten.

Birgit Skarstein med OL-klede

KRITISERTE: Birgit Skarstein tok eit oppgjer med mediedekninga av Paralympics saman med Cato Zahl Pedersen.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

For 100 % Sport – som er eit samarbeid mellom Aftenposten og dei største regionavisene – har no bestemt seg for å sende ein reporter til Paralympics.

Det kom etter at Cato Zahl-Pedersen og Birgit Skarstein i eit innlegg i går kritiserte norske aviser for å ikkje sende ein einaste reporter til Paralympics i Rio i haust.

Påverka av engasjementet

– Ja, vi gjekk ein runde etter at Ytring-innlegget vart publisert i går, og kom fram til at vi skal få dette til. Prosessen er i gang, og dersom vi greier å akkreditere ein reporter, skal vi vere der, seier leiar i 100 % sport, Bertil Valderhaug til NRK.

Valderhaug er glad for denne utviklinga i saka, og la ut denne twittermeldinga i går kveld:

Laster Twitter-innhold

– Vi greidde å få til eit spleiselag, og Ytring-innlegget var medverkande til det. Det er store idrettprestasjonar i Paralympics, og vi skal dekke dei og topputøvarane der med same respekt som andre, seier han.

NRK sender eit team på åtte personar til Rio. TV2 skal per i dag ikkje sende team til Paralympics.

– Like vanskeleg i Sverige

Cato Zahl-Pedersen er glad for å høyre at 100 % Sport har snudd

– Det er veldig bra nytt og eg er glad for at Valderhaug har vore så open i prosessen. Me har registrert eit stort engasjement i sosiale media etter kronikken og det viser at folk er interessert, seier Zahl-Pedersen.

– Har du forståing for at i dagens medieverd er vanskelegare å sende journalistar og meir blir dekt heimeifrå?

– Ja, det har eg, men samtidig klarer alle avisredaksjonar å sende mange journalistar til OL. Og eg vil tru at det er ein like vanskeleg situasjon for media i Sverige, der reiser 18 journalistar til Paralympics, seier han.

Skarsteins og Zahl-Pedersens ytring skapte mange reaksjonar i sosiale media i går ettermiddag og kveld, og kan ha medverka til å endre situasjonen.

Laster Twitter-innhold

Skodespelar og TV-profil Linn Skåber var blant dei som reagerte etter Skarsteins ytring:

Og får svar i dag:

Laster Twitter-innhold

Skarstein og Zahl-Pedersen har også fått støtte av kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Eg ser fram til å sjå mange gode idrettsprestasjonar frå Paralympics. Men det er sjølvsagt opp til den enkelte redaksjon å ta slike avgjerder. Dei idrettprestasjonane som utøvarane i Paralympics kjem til å vise, er like store bragder som dei andre prestasjonane, seier Helleland til NRK.

Siste nytt

  • Rød med brudd i hånden

    Magnus Abelvik Rød står i fare for å miste håndball-EM i Kroatia i januar etter å gjennomgått en operasjon for et brudd i hånden. 20-åringen er ute i åtte uker.

    Firenasjonersturnering i håndball for menn
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
  • Weng står over Beito-sprinten

    Heidi Weng starter ikke lørdagens sprint på Beitostølen, og vil heller konsentrere seg om søndagens 10-kilometer, opplyser skiforbundet lørdag morgen.

    Weng
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • To mål av Zahid

    Ghayas Zahid scora to mål då Apoel slo Ominia 3-1 i lokaloppgjeret i Nikosia på Kypros i kveld.

    Apoel ligg på fjerdeplass, 6 poeng bak leiande AEK Larnaca men med to kampar til gode.

    Ghayas Zahid
    Foto: FLORIAN CHOBLET / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Cupfinale G19, Molde – Rosenborg
Cupfinale: G19: Molde - Rosenborg
Sesongstart langrenn: Klassisk sprint
Sesongstart langrenn: Klassisk sprint, kvinner og menn
Langrenn: Klassisk sprint
Sesongstart skiskyting: Sprint menn
Sesongstart skiskyting: Sprint menn
Sesongstart skiskyting: Sprint menn
V-cup skøyter: 500 m kvinner
V-cup skøyter
NM kombinert: Langrenn