Avis: Haaland til City med rekordløn
Den britiske avisa Daily Mail skriv i dag at Erling Braut Haaland er samd med Manchester City om ein overgang før neste sesong.
Det skal gi Haaland ei rekordløn på 500.000 pund - 5,7 millionar kroner - i veka, skriv avisa. Det vil gjere han til den best betalte spelaren i Premier League.
Haaland har ein frikjøpsklausul frå Dortmund på 720 millionar kroner frå sommaren av, og den skal City vere villig til å innfri.
Derfor vil Haaland signere ein femårskontrakt, kanskje allereie i neste veke, skriv Daily Mail.
Manchester Evening News skriv at City sjølv ikkje vil kommentere meldinga, men avviser at rykta sammar frå dei.
Borussia Dortmund sa i førre veke at det ikkje var nokon overgang i sikte. Dei sa at det også var interesse frå Real Madrid og Paris S. Germain, i tillegg til at dei arbeider for å få han til å bli i klubben.
Men Manchester-avisa skriv også at Haalands førsteval er City, klubben som var hans barndomsfavoritt, og som pappa Alfie spela for i tre sesongar.