Hopp til innhold

Arsenal-stjerne røper sjefens spesielle Ødegaard-behandling

Det er venta at Arsenal-trenar Mikel Arteta vel Martin Ødegaard som den nye kapteinen til klubben. No avslører lagkamerat Aaron Ramsdale at nordmannen og Arteta har eit nært forhold.

dZuVYsntIyE

KAPTEIN-FAVORITT: Martin Ødegaard blir truleg ny Arsenal-kaptein. Her med Mikel Arteta.

Foto: Shaun Botterill / AP

– Eg har ingen problem med at han er kapteinen vår, seier Ramsdale i David Seamans podkast.

Han gir dermed si støtte til nordmannen før Arteta er venta å offentleggjere kapteinsvalet i løpet av kort tid.

Martin Ødegaard har på halvtanna år gått frå å tidvis sitje på Arsenal-benken til å segle opp som ein leiarskikkelse, både på og utanfor bana.

– Ein veldig roleg person

No er Ødegaard storfavoritt til å bli utnemnd til ny Arsenal-kaptein.

Ramsdale meiner Noreg-profilen har mange av dei nødvendige eigenskapane.

– Han er ein veldig roleg person, han er kanskje ikkje den som snakkar høgast, men du treng ikkje alltid at kapteinen din gjer det, fordi du kan ha tre eller fire andre leiartypar i garderoben som snakkar høgt, meiner han.

ObvmbWAaEK4

Aaron Ramsdale roser Ødegaard.

Foto: ANDREW COULDRIDGE / Reuters

Ramsdale trekkjer fram at Ødegaard også har erfaringa som skal til.

– Han var i Real Madrid i ung alder, han har spelt med mange av dei beste spelarane i verda, han er kapteinen for landet sitt og for ein 23-åring har han bokstaveleg talt gjort alt du kan på kort tid, seier målvakta.

– Men han nyt ikkje berre respekt på grunn av kvar han har vore og kva han har gjort, han er ein førsteklasses fotballspelar, og eg kjenner meg veldig heldig som har han i laget mitt, legg han til.

Pre Season Friendly - 1. FC Nuremberg v Arsenal

Mikel Arteta skal snart offentleggjere kapteinsvalet sitt.

Foto: LUKAS BARTH / Reuters

Avslører spesialbehandling

Ramsdale har også snakka om Ødegaard i podkasten til Peter Crouch. Der avslørte han at nordmannen og manager Mikel Arteta har eit spesielt forhold.

– Eg anar ikkje kva dei snakkar om, for dei snakkar spansk saman. Dagen etter ein kamp pleier Arteta å snakke engelsk med dei fleste, med unntak av dei som slit med engelsken. Men Martin snakkar perfekt engelsk, og likevel snakkar dei saman på spansk, fortel Ramsdale.

Etter treningskampen mot Chelsea oppstod det ein oppsiktsvekkjande situasjon etter kampslutt. Ødegaard vart bytt ut etter 78 minutt, noko som gjorde at Mohamed Elneny overtok kapteinsbindet dei siste minutta.

Men då kampen var over, gjekk Elneny rett bort til Ødegaard og tredde kapteinsbindet tilbake på nordmannens arm.

Gesten snakkar sitt tydelege språk.

Ødegaards aukande posisjon i Arsenal blir godt lagd merke til også her heime.

Han er ein spelar som nyt stor tillit av Mikel Arteta og verkar å vere ein populær figur i garderoben til Arsenal, seier Kasper Wikestad, fotballkommentator for Viaplay.

d

Marquinhos la ikkje skjul på beundringa si for Ødegaard etter ein treningskamp nyleg. Dette la brasilianaren ut på Instagram.

Foto: Skjermdump Instagram

Ved sesongstarten i fjor hadde Pierre-Emerick Aubameyang kapteinsansvaret, før Alexandre Lacazette tok over, men begge spelarane er no borte frå klubben.

På tampen av Premier League-sesongen var det nordmannen som tok rolla med betydeleg ansvar. Det har han framleis med i oppkøyringa, men klubben har ikkje ønskt å stadfeste kven den nye kapteinen blir enno.

Martin har mange av kvalitetane vi ønskjer i ein kaptein, sa Mikel Arteta til The Athletic. Der fortalde han at den nye kapteinen vil bli bestemt dei neste vekene.

Imponerte i motgang

23-åringen gjorde inntrykk på Arsenal-trenaren med haldningane sine og måten han stod fram i ei tid med motgang og lite speletid.

Haldningane hans var fantastiske. Det fekk meg til å tenkje at dette er ein gut som set laget framfor seg sjølv, og ein kaptein er alltid nøydd til å gjere det, sa Arteta til den britiske nettstaden.

Premier League - Arsenal v Manchester United
Foto: SHAUN BOTTERILL / Reuters

Han var den første som kom på trening og den siste som drog. Han spurde om – kvifor han ikkje spelte og kva han måtte gjere – han lytta, og stilte alltid opp for lagkameratane sine, forklarar Arsenal-trenaren.

I eit intervju med BBC Sports fortalde Ødegaard at leiarkvalitetane hans har utvikla seg over tid og at han har fått meir erfaring.

Eg har vore igjennom mykje, både opp- og nedturar, og eg trur det gjer deg sterkare, sa Ødegaard.

Wikestad meiner det er eit «naturleg val» at Ødegaard kan bli den neste Arsenal-kapteinen.

Han har komme inn, spelt veldig bra og vorte ein leiarfigur i den nye bølgja av spelarar som kjem frå Arsenal. Trass i Ødegaards unge alder så har han vore med på mykje allereie, seier Wikestad.

Ærefullt oppdrag

Skulle Ødegaard bli valt som kaptein føyer han seg inn i ei stjernespekka rekkje, med mellom anna Cesc Fàbregas, Thierry Henry og Robin van Persie.

Er du kaptein i Arsenal så er du heilt der oppe, og det å vere ei sentral brikke offensivt i ein så enormt stor klubb som Arsenal. Dei er rekna som «big six» i Premier League og er ein klubb det er forventa at kjempar der oppe, seier Wikestad.

Hoppuka 2021-2022

Kasper Wikestad.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ødegaard er kjent for å vere ein målskapar, men noterte seg berre for fire målgivande i fjor. Likevel utmerkte han seg blant dei beste i sjansestatikken (faktaboks nedst i saka), rett bak store namn som Trent Alexander-Arnold, Bruno Fernandes og Kevin De Bruyne.

– Spelarmessig er han blant dei spelarane som skaper mest i Premier League, han tikkar dei aller fleste boksane der, seier Wikestad.

Han har eit blikk, pasningsfot, og alle dei tinga frå øvste hylle. Han er definitivt ein nøkkel i det offensive spelet til Arsenal. Med Gabriel Jesus og Vieira ser det kanskje endå betre ut denne sesongen, seier Wikestad.

Arsenal spelar den første kampen i den kommande Premier League-sesongen fredag 5. august, og den har avspark klokka 21.00.

Siste nytt

  • Chelsea bekrefter: Enzo mister resten av sesongen

    Chelseas Enzo Fernandez mister resten av sesongen, det melder klubben på sine nettsider.

    Argentineren har vært under kniven på grunn av et lyskeproblem, og Chelsea bekreftet at operasjonen var vellykket. Samtidig betyr det at han er ute resten av sesongen.

    23-åringen har spilt 62 kamper for klubben etter at de hentet ham i januar i fjor.

    Carabao Cup - Final - Chelsea v Liverpool
    Foto: HANNAH MCKAY / Reuters
  • Wada skal etterforskes etter kritikk i dopingsak

    Verdens Antidopingbyrå (Wada) har bedt om en uavhengig gjennomgang av byråets håndtering av saken om en mulig dopingsak med noen av verdens beste svømmere.

    Ifølge Wada skal sveitseren Eric Cottier få adgang til sakens innhold og gi sin vurdering av byråets behandling av saken. Wada opplyser at arbeidet ventes å være ferdig om to måneder.

    – Wadas integritet og omdømme er under angrep. I de siste dagene er Wada blitt anklaget for partiskhet overfor Kina, opplyser antidopingbyrået.

    Lørdag kom nyheten om at kinesiske svømmere hadde spor av hjertemedisinen trimetazidin i prøver avgitt noen måneder før sommerlekene i 2021. 13 av dem deltok i OL i Tokyo.

    Kinesiske antidopingmyndigheter har avvist anklagene og hevder at utøverne skal ha fått i seg stoffet i mat under et stevne.

    Senere stilte Wada seg bak den forklaringen. Det har fått blant andre Det amerikanske antidopingbyrået (Usada) til å reagere sterkt. Den amerikanske antidopingsjefen Travis Tygart gikk mandag hardt ut mot Wada og mente at de dekket over for kineserne. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP
  • Amnesty reagerer kraftig – Fifa forsvarer Saudi-avtale

    Amnesty reagerer kraftig på avtalen Fifa har inngått med det saudiarabiske oljeselskapet Aramco. Fifa peker på at den bidrar til global utvikling av fotballen.

    Avtalen mellom saudiarabiske Aramco og Fifa er den siste i rekken av oljestatens involvering i idrett.

    Nyhetsbyrået AP hevder at avtalen er den største Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har inngått med en sponsor om man regner per år.

    – Vi blir ikke lenger sjokkert over Saudi-Arabias bruk av sport som et PR-verktøy, og Fifa har til gode å imøtekomme bekymringer knyttet til saudiske myndigheters grove brudd på menneskerettighetene, sier prosjektleder Frank Conde Tangberg i Amnesty International til NTB.

    – Fifa har valgt å rulle ut den røde løperen for Saudi-Arabia som VM-vert og sponsor. Vi oppfordrer Fifa til å engasjere seg mer for å ta tak i risikoen knyttet til VM i 2034, sier Tangberg.

    NTB har kontaktet Fifa og spurt om forbundets respons på et samarbeid med Saudi-Arabia og bekymringene om brudd på menneskerettighetene.:

    – I tråd med vedtektene reinvesterer Fifa sine inntekter, inkludert inntektene fra Aramco-sponsingen, i å utvikle fotball over hele verden. Det er forventet at Fifa i 2023–2026 vil investere i overkant av 3,9 milliarder dollar i utvikling og utdanning, opplyser en talsperson i Fifa til NTB.

    – Dette inkluderer «Fifa Forward 3.0», fotballutviklingsfondet og andre initiativ som for eksempel å fremme kvinnefotball, dommerarbeid og teknisk utvikling. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal