Med eit svart hjarte på kvit drakt markerer fotballklubben terroraksjonen i Middelhavs-byen på den franske nasjonaldagen i sommar, nøyaktig ein månad tidlegare.
Ikkje berre det: Hjartet er forma av namna på dei 85 menneska som blei drepne i aksjonen.
Og under står datoen: 14. juli 2016.
Drakta Nice skal bruke på opningsdagen, er kvit, i staden for klubbens tradisjonelle raude og svarte. Drakta er også strippa for all reklame og alle sponsormerke, bortsett frå hovudsponsoren, som blir markert med små bokstavar.
Kvitfargen skal vere gjennomgåande under arrangementet før og under kampen.
Auksjon etter kampen
Det var under fyrverkeri-feiringa om kvelden på den franske nasjonaldagen at ein mann køyrde ein stor lastebil inn i folkemengda. Over ei strekning på to kilometer på den tettpakka strandpromenaden meia han ned publikum. 85 omkom, fleire hundre vart skadde.
Det er desse Nice-spelarane skal minnast denne sesongen. Framfor heimepublikum skal dei debutere med dei nye draktene mot Rennes søndag.
Etter kampen skal draktene auksjonerast bort, og inntekta gå til dei etterlatne, skriv klubben på sine nettsider.
Stille markering
Minnet om dei omkomne skal også markerast på tribuna. Supporterane er bedne om å stille i heilkvitt den kvelden.
Før avspark blir det også ei minnemarkering, og arrangøren oppfordrar publikum til å vere heilt stille når dei 22 spelarane roleg skal gå ut på graset før kampen.
I kampens 85. minutt skal det visast glimt frå minnemarkeringa på storskjermen på stadion. Det skal gjenta seg i dette minuttet i kvar einaste heimekamp denne sesongen.
Dei som mista livet, skal aldri bli gløymde.