– Det er ei fantastisk gladnyheit, det har jo vore ein del usikkerheit i det siste, seier Thomas Alsgaard.
I dag blei det kjent at NRK tek over rettigheitene for langløpscupen Ski Classics frå komande sesong. Thomas Alsgaard er lageigar i Team Leaseplan Go, og har årets samanlagtvinnar Petter Eliassen på laget.
– Eg meiner at det som blir levert i langløp er heilt på høgde med det ein ser i verdscup og VM, men håpet er at enda fleire løparar får auga opp for at langløp er eit godt alternativ.
Fleire var usikker på satsinga
Etter at det blei kjent i miljøet at TV2 ikkje ville fornye TV-avtala, har det vore stor usikkerheit blant langløpslaga. Fleire team sat på gjerdet og visste ikkje kor stort dei kunne satse mot neste sesong.
– Det har vore knytta ein del spenning om kven som ville overta og om nokon i det heile tatt ville ta over TV-sendingane. Det er ingen tvil om at det er nokre lag som har kjent på det. Særleg dei som har vore i forhandlingar med sine viktigaste samarbeidspartnarar, fortel Alsgaard.
Manageren for laget til Birken og Vasalopp-vinnar John Kristian Dahl, Team United Bakeries, fortel om det same.
– Både me og sponsorane har vore stressa. Det er ingen tvil om at TV-avtala har mykje å seie for korleis me kan satse vidare, seier Henrik H. Kvissel, ein svært glad mann i dag.
– Det er ein draum for langløp og langrenn generelt. TV2 har gjort ein kjempejobb, men NRK er vintersportskanalen og der vil me nå ut til ei enda større sjåarmasse. Eg har snakka med alle gutta på laget i dag og dei seier dei blir kjempemotivert av denne nyheiten.
Kvissel trur også avtala kan dra med seg fleire kjente løparar.
– Dette vil gje Ski Classics meir tyngde og tiltrekke seg fleire profilar.
Har heva seg mykje dei siste åra
Thomas Alsgaard meiner at flyttinga til NRK også vil få stor betydning for statusen til langløp.
– Det at NRK kjem inn vil auke merksemda og gje fleire sjåarar, men det aller viktigaste er at det betyr ein stor anerkjenning for langløp. Det har jo hengt igjen dette gamle stempelet, at langløp var noko ein satsa på etter endt karriere i verdscupen, eller om ein ikkje slo gjennom som allroundar var det ein fin plan B. Men det har skjedd enormt mykje dei siste 5-6 åra. Det er ikkje lenger slik at langløp er for ein gjeng med gamle avdanka skiløparar, meiner Alsgaard.
TV-avtala varer i fem år og inkluderer alle renna i langløpscupen som Vasaloppet og Marcialonga.