Hopp til innhold

Alnes skeptisk til Warholms heilomvending: – Må tenke seg om

Karsten Warholm fekk blod på tann etter sesongopninga innandørs, men no ber trenar Leif Olav Alnes utøvaren om å ta ein fot i bakken.

KW Invitational 2023

RUNNERS HIGH: Alt var roseraudt hjå Karsten Warholm etter løpet i Ulsteinvik. No ynskjer han fleire løp innandørs.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Torsdag opna Karsten Warholm sesongen med å springe 400 meter flatt i sitt eige stemne, Karsten Warholm Invitational, og tida 45,31 betydde ny banerekord i hallen i Ulsteinvik.

Såpass fornøgd med løpet var Warholm at han no vurderer å leggje om planane for sesongen.

– Eg får alle svara eg vil ha. Eg kjenner meg rask og sterk, og eg må innrømme at det gav meirsmak. Eg kjenner ikkje meg heilt ferdig, seier Warholm til NRK.

– Betyr det at du kjem til å springe meir innandørs?

– Eg har litt lyst, då. Etter det her fristar det ikkje mindre, i kvart fall. Vi hadde planar om å gjere det, men vi måtte sjå litt korleis det gjekk. Denne starten reknar eg som såpass bra, at eg har lyst å prøve litt til, seier Warholm.

KW Invitational 2023

GODKJENT: Warholm tykte løpet var ein godkjent debut på sesongen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Store mål

Hekkeløparen var i fyr og flamme i Ulsteinhallen etter arrangementsslutt, og no har han allereie begynt å peike ut moglege stemner han vil delta på.

– Planen er å kanskje springe eit løp til, enten i Frankrike eller Birmingham. Eg får sjå litt på NM. EM er eigentleg det store målet om vi kjem dit, seier Warholm.

Han understrekar at VM utandørs sjølvsagt er det store målet, men han vil ha meir.

– For innandørs har eg stilt inn eit lite sikte på EM i Istanbul og slåst om gull, sjølvsagt. Det er målet, seier han.

Den nye banerekorden meiner Warholm tyder på at han kan vere med og kjempe om edelt metall.

– No kjennest det ut som eg er allereie på det nivået og kan vere med å kjempe om det, så må vi løfte oss eit par knepp til, seier han.

Sjå løpet til Warholm her.

Kritisk

Trenar Leif Olav Alnes var ikkje like høgt oppe som eleven sin, då han fekk presentert ønsket til Warholm.

– Vi må snakke om det. Det er sjølvsagt freistande, men så er det dei greiene om at det er delte baner berre ein runde. Det er litt risiko både med doserte svingar og å bli tråkka på, så ein må tenke seg om, men eg utelét ikkje at det ikkje blir fleire løp, seier Alnes til NRK.

KW Invitational 2023

SKEPTISK: Trenar Leif Olav Alnes meiner fleire innandørsløp kan vere ein risiko.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Alnes røper at diskusjonen om fleire stemner innandørs var oppe til diskusjon fram mot stemnet i Ulsteinvik, men at dei no må setje seg ned og ta den årlege diskusjonen etterpå.

– Du held att og han vil?

– Det er heilt riktig. Eg skjønar at han har lyst å springe, men vi må vege det opp mot dei største måla, som trass alt er utandørs, seier Alnes.

Letta etter comeback

Sprintaren Elaine Thompson-Herah og høgdehopparen Jaroslava Mahutsjykh var nokre av verdsstjernene i Ulsteinvik torsdag, men den aller største gleda viste Henriette Jæger etter at ho tok ny personleg rekord på 400 meter, i tillegg til å slette banerekorden som Amalie Iuel tok tilbake i 2018.

KW Invitational 2023

JUBEL: Henriette Jæger var strålande fornøgd etter sitt løp.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

– Eg har sakna det å konkurrere utan å ha vondt, og ikkje ha dei bekymringane på trening. Det å kome tilbake og kjenne at kroppen fungerer og at tida er bra, er veldig deileg, seier Jæger til NRK.

Skadeperioden med to trøyttleiksbrot etter kvarandre har vore tung.

– Det har vore trøblete. Å stole på kroppen og kome tilbake der ein har vore før, har ikkje vore noko problem mentalt, men det har vore vanskeleg å kome opp i den treningsmengda og presse seg til det ytterlege. Eg var veldig usikker på dette løpet, om det haldt, så det var veldig deileg å sjå at det var noko bra att i beina, seier ho.

Warholm har ikkje anna å seie enn dette om arrangementet:

– Det er terningkast seks i totalen.

Sjå Jæger i aksjon her.

Sportsnyheter

Norsk EM-krise etter skotsk skalp: – Et sjokkresultat

Laget som slo Norge 3-0 var borte. Med åtte nye mann inne, gikk Spania på et sjokktap mot Skottland. Nå har Norges vei til EM blitt uendelig mye lenger.

Siste nytt

  • Bild: Fifa nekter Tyskland å bruke regnbuebånd i VM

    Ifølge den tyske storavisen Bild får ikke det tyske kvinnelandslaget i fotball lov til å bruke regnbuearmbind under sommerens fotball-VM.

    Det skal Det internasjonale fotballforbundet ha bestemt.

    – Fida har informert oss om at de vil at alle nasjoner bruker Fifas kapteinsbind, sier landslagssjef Maika Fischer til avisen.

    Forbudet kommer kort tid etter en opphetet debatt under vinterens fotball-VM for menn. Flere nasjoner ønsket å bruke armbindet, men ble truet med straff om de gjorde det.

    Women's Euro 2022 - Semi Final - Germany v France
    Foto: JOHN SIBLEY / Reuters
  • Holund får verdenscupdebut i randonee

    Langrennsløper Hans Christer Holund (34) prøver seg i randonee når det arrangeres verdenscupfinale i skigrenen i Tromsø i april.

    Det kommer fram av en uttaksmelding fra Norges Skiforbund. Holund er en av 16 norske utøvere som skal delta i verdenscupuken i Tromsø.

    Lyn-løperen deltar i klassen vertikal, som er et rent motbakkeløp. Det skal også konkurreres i blandet stafett, individuelt og sprint. (NTB)

    Holmenkollen skifestival 2023
    Foto: Terje Bendiksby / NTB
  • Klitsjko langer ut mot IOC

    OL-mester Vladimir Klitsjko går hardt ut mot at Den internasjonale olympiske komité (IOC) råder særforbundene å la russere og belarusere delta i idretten igjen.

    Ukrainas tidligere boksestjerne stemplet tirsdag kveld IOCs avgjørelse som «et falskt flagg». Det gjorde han i en melding på Twitter.

    Der gikk Klitsjko også til angrep på IOC-presidenten: «Thomas Bach tjener Russlands farger og interesser. Denne avgjørelsen kontaminerer den olympiske ånden og er som denne krigen: tullball». (NTB)

    bADnKH1Lzl
    Foto: Pontus Höök / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste