Alli utestengd etter snapchat-spøk
Tottenham-stjerna Dele Alli er pålagd karantene i éin kamp for å ha gjort narr av ein asiatisk mann. Med det mister han storoppgjeret mot Manchester United neste fredag.
Alli må òg betale rundt 600.000 kroner og ta eit kurs.
Tottenham-spelaren la ut ein Snapchat-video av seg sjølv med munnbind og deretter av ein asiatisk mann på Heathrow flyplass 6. februar.
– Det var ikkje morosamt, og eg innsåg det straks og fjerna han. Eg skuffa meg sjølv og klubben, sa Alli i etterkant.