Hopp til innhold

Alarmen gjekk under NRK-besøk: – Alle er førebudde på å døy når som helst

OL-medaljør Anna Ryzjykova sjekkar mobilen kontinuerleg for å sjå om det er trygt å trene. Alarmen har gått for moglege luftangrep frå Russland.

Anna Ryzjykova i Dnipro

GÅR DET? Anna Ryzjykova og trenaren, Volodymyr Kravtsjenko, sjekkar etter oppdateringar vedrørande luftalarmen.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

– Det skjer nesten kvar natt. Det er ingen grunn til å stå opp. Eg vaknar om eg høyrer eksplosjonar, så sjekkar eg kva som skjer, seier Ryzjykova til NRK.

Ho har vendt seg eit liv med hylande sirener som åtvarar mot angrep frå Russland. Fly, dronar og missil flyg dagleg over Ukraina.

Da NRK møter henne på ein usedvanleg flott februardag i Dnipro, smiler ho breitt. Fram til denne onsdagsnatta har det vore relativt stille dagar.

Det er ti grader i lufta, sola skin og vinden blir knapt merka. Trenaren har sendt henne melding: Det blir oppvarming inne, intervall utandørs. Ho gler seg.

Anna Ryzjykova i Dnipro

PÅ ENGELSK: Slik ser meldinga på telefonen til NRK-reporteren ut idet luftalarmen går.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

Men planen går i vasken før ho rekk å gå inn døra, som så mange gonger før. Luftalarmen bryt stilla – og på mobiltelefonen lyser beskjeden om at ho må finne veg til næraste bomberom.

– Planane mine avheng av Russlands angrepsplan, konstaterer Ryzjykova overfor NRK.

Vil ikkje gøyme seg

Viss ho skulle lystra til den kvar gong, hadde det nesten vore umogleg å få gjort noko som helst. Ho har mest lyst å oversjå ho og springe ute, men sidan det er ein skole og mange barn i nærleiken vil ho ikkje sette eit dårleg eksempel.

Dagslys blir bytt ut mot ein mørk sal. Heldigvis gir alarmen seg litt ut i oppvarminga.

Ryzjykova augnar håp for at det likevel kan bli litt frisk luft. Saman med trenaren sjekkar dei telefonane hyppig for oppdateringar.

Så hyler alarmen igjen.

– Viss det er fare på ferde, går eg inn i eit trygt område. Ikkje eit bomberom, men eit rom utan vindauge.

– Vi burde gjere det, men ikkje så mange gjer det. Det er fælt å seie det, men alle er førebudde på å døy når som helst. Viss du skal gøyme deg kvar gong alarmen går, så blir du sittande i eit bomberom 10–12 timar dagleg. Det er vanskeleg.

Anna Ryzjykova i Dnipro

ALT HÅP ER UTE: Anna Ryzjykova og trenaren kikkar ut på den 250 meter lange, ovale banen. Dei konstaterer at det ikkje er mogleg å springe utandørs. Enda ein gong.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

Ser ikkje ektemannen på eit halvt år

Frå mars til slutten av september forlèt ho ektemannen og Ukraina. Han kan ikkje dra frå landet på grunn av mogleg mobilisering.

– Det er vanskeleg. Det første året var det ekstremt vanskeleg, fordi ein ikkje forstod kva som skjedde. Når du er her, er det ikkje så skummelt. Viss noko skjer, skjer det med deg. Det er meir skremmande for meg om det skjer noko med dei næraste.

– Når eg er utanlands kan eg ikkje hjelpe eller støtte nokon, så det er meir skremmande.

Anna Ryzjykova i Dnipro

TRENAR INNANDØRS: Anna Ryzjykova tøyer ut inne på anlegget, like på austsida av elva Dnipro.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

Nå er ho i Portugal for å førebu seg til VM i stafett på Bahamas i starten av mai. Ho skal vere der nokre veker før ho drar tilbake til Dnipro, for nokre dagar med familien før sesongen rullar i gang. Det er heilt nødvendig for å få gjort jobben.

Reisa frå Dnipro til Sør-Europa tok to dagar. Derfor kan ho ikkje gjentakast for mange gonger når sesongen startar.

Ryzjykova har tatt OL- og EM-medaljar på 4x400 meter stafett og 400 meter hekk.

Ambisjonen er å kjempe om edelt metall i meisterskapen i sommar, sjølv om det har blitt vanskelegare etter fullskalainvasjonen for litt under to år sidan.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal