- Resultatservice: Super-G for menn
Aksel Lund Svindal kom med skremmeskot nummer ein då han vann utforen overlegent i canadiske Lake Louise laurdag.
Då Super-G-rennet gjekk av stabelen sundag var han igjen umogleg å tukte.
– Det var kanskje «diggare» å vinne i går. Det fordi det var det første fartsrennet. Men triumfen i dag var ganske «digg» den også, for å vere heilt ærleg, seier Svindal med eit stort glis.
Med sin 17. og 18. verdenscupsiger på to dagar tangerte han Lasse Kjus.
Av norske alpinistar er det bare Kjetil André Aamodt som har fleire enkelttriumfar i verdscupen (21).
– Liknar ikkje grisen
I mål var Svindal nesten sekundet framfor franske Adrien Theaux (0,85 hundredelar), som til slutt tok andreplassen sundag.
– Det er ein differanse som ikkje liknar grisen, skreik NRK-kommentator Andreas Toft då Svindal var over streken.
– Han er den desidert beste fartskøyraren i verda akkurat no, la kommentator Marius Arnesen til.
Austerrikske Joachim Puchner kapra tredjeplassen.
– Eg var frekk i dag også, og tenkte at eg har tatt ein del risiko då eg dro ut av «henget». I tillegg håpa eg at tida var god, for eg hadde ikkje så mykje meir å gje då eg nærma meg siste sving før mål, seier Svindal etter å ha kuppa førsteplassen.
Kongen av Lake Louise
Sigeren var Svindal sin fjerde i Super-G i Lake Louise, og den femte totalt i samme bakke.
Med det blei han konge av den canadiske løypa. Trona må han dele med legendariske Hermann Maier, som skaffa like mange palltoppar der.
– Kva er det med deg og denne bakken, Aksel?
– Godt spørsmål. Eg ser jo at den passar meg bra. Hadde eg visst svare på det hadde eg nok tatt det med meg til dei andre verdscup-bakkane, svarar Svindal.
Kjus: – Kan bli stygt i Beaver Creek
Tidlegare VM-vinnar i Super-G, Lasse Kjus, er mektig imponert over suverene Svindal.
– Han er tilbake der han var før. Eg synst eg ser det samme som for nokre år sidan før han ramla stygt i Beaver Creek. Då hadde han den samme «grooven», og køyrte like bra.
Fredag kan Svindal på ny vise konkurrentane. Då er det utfor i nettopp Beaver Creek.
– Det kan bli stygt for konkurrentane der også, seier tidlegare VM-vinnar i Super-G, Lasse Kjus.
Om Svindal sjølv ikkje heilt veit kva han gjør så bra i Lake Louise, trur Kjus at han veit kva Norge sitt store fartsvidunder kan ta med seg til dei neste konkurransane.
– Aksel viser bra bevegelse når han køyrer, og er veldig rask, som gjør at handterer svingane bra. Han forsererer løypa mye bedre enn dei andre, og drar med seg mykje fart ut. Dei fleste greier ikkje det han gjør, seier Kjus.
Eks-alpinisten kan nesten ikkje vente med å sjå Svindal i aksjon igjen.
– For ein tidlegare alpinist er dette kjekt. Ein er jo entusiast, og ønskar at Norge skal vere ein stor alpintnasjon. Og nettopp derfor er det så utruleg gjevande å sjå Aksel vere så suveren.
Jansrud skuffa
Det var også knytta stor spenning til Kjetil Jansrud i Canada, men Norge sitt andre håp skuffa, og var 1,52 sekund bak lagkamerat Svindal i mål.
Tida 1:36.48 heldt bare til 17.-plass.
PS! 25 år gamle Iver Bjerkestrand tok ein 46. plass i rennet.