Ajer fekk tillit frå start etter overgangen frå Celtic tidlegare i sommar, og spela ein god kamp til han måtte gå ut etter 70 minutt.
Det gjorde resten av det nyopprykte laget også, med hjelp av nesten 15.000 på tribunane. For Brentford tok revansj for tapet for Arsenal då dei rykte ned frå øvste nivå for 74 år sidan, og vann 2-0.
– Eg er mållaus, var det første Brentfords danske manager Thomas Frank fekk fram etter kampslutt.
– Men vi leier iallfall Premier League, fekk han fram etter kvart.
Han var meir enn nøgd med spelarane, som han rosa for å ha gitt absolutt alt.
Sjå scoringane her:
Brentford-supporter Bryan Ashbee var ein av dei som jubla over sigeren. Før kampen hadde han tru på Kristoffer Ajer.
– Forsvaret vårt treng litt meir erfaring når vi er komne til Premier League, og eg håpar han kan hjelpe til med det, sa Ashbee til NRK før avspark.
– Eg er usikker på erfaringane ettersom han akkurat har kome til klubben, så det er
kanskje litt vanskeleg å seie. Men det er ei stor signering, seier Ashbee, som har vore Brentford-fan i meir enn 50 år.
Kampen var også den første sidan mars i fjor med fulle tribunar. Dei 14.918 tilskodarane viste også kva det har å bety med støtte frå publikum.
– Dette er vår viktigaste kamp nokosinne, sa Ashbee før avspark.
Ajer måtte ut
Og den viktigaste kampen nokosinne opna svært godt for Brentford. Rett nok viste dei litt nervøsitet i starten, men det gjekk fort over.
22 minutt var gått då Sergi Canos gav nykomlingane leiinga. Arsenal såg ut til å ha avklart angrepet, så smelte Canos av garde eit hardt og litt overraskande skot som gjekk inn.
– Eg har drøymt om å score det første Premier League-målet på dette stadionet. Dette er stort. Og publikum fortente det, sa Canos til Sky Sports. Publikumsstøyen var så sterk at han knapt høyrde spørsmålet frå reporteren.
Etter pause pressa Arsenal, men Ajer og hans forsvarskollegaer rydda opp. Nordmannen måtte midt i omgangen ut på sidelinja til behandling etter ei hardhendt takling. Han var tilbake etter kort tid, men blei skifta ut etter 70 minutt.
– Det var berre ein krampe. Han er ikkje heilt 100 prosent fysisk endå. Han kjem til å klare seg fint, seier Brentford-trenar Thomas Frank laurdag.
Tre minutt etterpå avgjorde Christian Nørgaard kampen for Brentford. Han var på rett plass til rett tid då ballen spratt litt ukontrollert framfor Arsenals keeper, og heada inn 2–0.
Det stod seg kampen ut, og publikum takka laget med langvarig ståande applaus etter kampslutt.
Arsenals manager Mikel Arteta var naturleg nok skuffa.
– Men vi opna sesongen mot ein god motstandar. Eg trur ikkje vi fotente noko betre, sa han.
Brentford spela sin førre kamp i engelsk toppdivisjon 26. mai 1947. Laget som allereie før kampen var klar for nedrykk, tapte 0–1 for Arsenal heime.
27.108 dagar seinare spela Brentford igjen heimekamp på øvste liganivå. Igjen var motstandaren Arsenal. Gode gamle Griffin Park er rett nok bytt ut med Brentford Community Stadium, men elles er ringen slutta.