Hopp til innhold

Historiske Ada Hegerberg: – Eg saknar å spele for landet, men ikkje for forbundet

Hegerbergs forhold til landslaget har ikkje endra seg.

Ada Stolsmo Hegerberg

NORSK HELT – MEN IKKJE I VM: Ada Hegerberg løfter gjerne det norske flagget etter meisterligatriumfen. Men i VM får ingen sjå henne

Foto: Lisi Niesner / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

Gullballvinnaren og hattrickhelten stadfestar at ho framleis ikkje er landslagsaktuell.

– Situasjonen er den same som før. Eg har ikkje nokon ytterlegare kommentar, eg konsentrerer meg om klubben, sa ho etter 4–1 over Barcelona og hattrick i løpet av 16 minutt i første omgang.

Ho kom ut drapert i eit norsk flagg etter kampen.

– Det er viktig å vise dei norske flagget, eg fekk det av ei venninne. Nordmenn som vinn meisterligaen, det blir ikkje større. Det er heilt ubeskriveleg, sa ho til mellom andre NRK i intervjusona.

– No skal vi ut og feire. Det blir ein fantastisk kveld.

Så blir det ferie. Utan VM.

– Eg saknar å spele for landet, men ikkje for forbundet, seier Ada Hegerberg.

(Artikkelen held fram etter videoen)

Gret med familien

Ho seier at dette var største dagen i karrieren.

– Hattrick i finale er heilt unikt.

Under finalen hadde ho familien på tribunen, og brast i gråt etter kampen.

– Ingenting av dette kunne skjedd utan familien, seier ho når ho står der saman med syster Andrine.

– No skal eg nyte dette, seier ho og legg armen rundt Andrine.

Ho seier at det har vore ein vanskeleg sesong.

– Dette er den beste kampen vi har gjort denne sesongen. Du ser frå starten at dette er vår kamp. Alle yter sett ytterste, då er vi best i verda.

Best på bana

Frå det 14. til det 30. minutt i første omgang scora den norske gullball-vinnaren tre gonger. Då stod det 4-0, og både Hegerberg og Lyon tok foten av gasspedalen. Barcelona fekk si redusering heilt mot slutten av kampen.

Sjølvsagt blei Hegerberg kåra til den beste på bana i UEFAs offisielle kåring.

– Det er ein utruleg sterk prestasjon, seier Ingvild Stensland til NRK. Stensland spela sjølv for Lyon frå 2009 til 2011.

– Ada har vist i heile sin karriere at ho har ein enorm vinnarmentalitet. Ho har ei enorm ro inne i boksen, og det er ikkje tilfeldig at ho scorar tre mål i dag. Eg er ikkje overraska, seier Stensland.

– Men eg trur likevel at Ada set dette svært høgt, i tillegg til at ho og laget vinn meisterligaen for fjerde år.

– Det er ufatteleg sterkt at Ada presterer så jamt på dette nivået over så lang tid. Ho er trass alt berre 23 år, og kan halde dette nivået i mange år enno.

Blir sakna i VM

Ada Hegerberg

FOR FJERDE GONG: Hattrick-helt og gullballvinnar Ada Stolsmo Hegerberg kan kysse meisterliga-pokalen for fjerde gong

Foto: Attila Kisbenedek / AFP

Hegerberg herja vilt i første omgang. Det fekk sosiale medium både i Norge og i utlandet til å påpeike kor trist det er at ein slik spelar ikkje blir å sjå under VM i Frankrike i sommar.

– Det er viktig å vere nøye med kven ein har rundt seg, seier Hegerberg til Viasat.

– Det ser ut som om Ada er tapt for landslaget på kort sikt. Men eg håpar ho kjem tilbake etter kvart. Vi må respektere hennar avgjerd, men Norge treng ein klassespiss, seier Stensland.

Hegerberg har sagt nei til landslaget sidan eit skuffande EM i 2017, der Norge blei utan både poeng og mål.

Gratulert av NFF

– Ada stadfestar sin posisjon som verdsklassespelar, seier elitedirektør Lise Klaveness i fotballforbundet til fotball.no.

– Mykje er sagt om at Ada ikkje spelar for Norge. Eg skulle ønskje det var annleis, men eg er stolt av at ho gjennom sine prestasjonar set Norge på kartet internasjonalt, seier Klaveness.

Også landslagssjef Martin Sjögren gratulerer Hegerberg med hattricket og tittelen.

Første meisterligamål sidan oktober

Tonen var sett, og Lyon hadde allereie leiing og grep om kampen då gullballvinnar Hegerberg slo til med sine første meisterligamål på over eit halvt år.

  • 14. minutt: Shanice van der Sanden legg presist inn, der Hegerberg dempar elegant før ho scorar.
  • 19. minutt: Amel Majri legg hardt inn langs bakken, og Hegerberg styrer den elegant i hjørnet.
  • 30. minutt: Hegerberg spelar vegg med Lucy Bronze, får ballen igjen og nettar lett.

Det var Hegerbergs første mål i meisterligaen sidan 9-0-kampen mot Ajax 31. oktober.

Barcelona vart mange nummer for små i denne kampen. Det er venta at Caroline Graham Hansen blir presentert som ny Barcelona-spelar ein av dei nærmaste dagane. Ho var med på å tape 4–1 for Lyon i meisterligafinalen i fjor.

– Lyon har bygd ein enorm vinnarkultur

Ingvild Stensland er også imponert over klubben Lyon.

– Det er ein klubb med ein president som har sett kvinnene like høgt som mennene. Han har vore ein pioner i internasjonal og fransk fotball. Dei har dominert i Europa i mange år, seier Stensland. Ho var sjølv med å tape finalen mot Turbine Potsdam på straffer i 2010.

– No har dei bygd opp ein enorm vinnarkultur. Du skal vere god om du skal slå Lyon no.

Ein gong tidlegare har ein spelar scora tre mål i ein meisterligafinale for kvinner. Inka Grings gjorde det for Duisburg i andre omgang av første finalekamp i 2009. Men då gjekk finalen over to kampar.

Arrangørane hadde sett billettprisane til behagelege to og tre euro, og finalen på Ferencevaros' bane i Budapest var fullsett med 22.000 tilskodarar.

PS: Ein mannleg spelar har makta å lage hattrick i første omgang i ein europeisk meisterfinale. Ferenc Puskas gjorde det i 1960 då Real Madrid slo Eintracht Frankfurt 7–3. Puskas kom frå dagens finaleby Budapest.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal