– Me sit igjen med skuffelse, glede, bitterheit og ein tomheit over at me ikkje klarer å vinne. Me spelar ein bra kamp, da er det frykteleg surt å ikkje sitje igjen med noko som helst etter 120 minutt.
Herd-trenar Amund Skiri har lov til å vere skuffa.
To mål på 12 minutt
For i kveld skjønte ingen i Ålesund kva som skjedde. 12 minutt var spelt og 3.divisjonslaget og miniputt i denne samanheng, Herd leia 2-0 mot storebror i byen.
Islandske Ingolfur Örn Kristjansson hadde scora sju mål på sju kampar i tredjedivisjon for Herd, og heller ikkje eliteserieforsvaret til Aalesund klarte å stoppe Kristjansson. På ekte målscorar-vis sette han inn begge dei to fyrste måla til heimelaget.
Kunne bli cuphelt igjen
Storebror AaFK kom rett frå storsiger 6-0 mot Tromsø søndag, men den sjølvtilliten viste dei ikkje framfor mål mot byrivalen. Ikkje før i det 40 minutt klarte dei å utlikne ved Sondre Brunstad Fet.
– Me hadde eit dårleg utgangspunkt, men me klarer heldigvis å snu det. Dei er 100 prosent på frå byrjinga av og det er ikkje me, seier innbyttar Mustafa Abdelloue som seinare skulle bli svært sentral.
Etter 75 minutt trudde alle at ein gamal cuphelt kunne bli det same igjen. Andreas Rekdal vann cupen med Hødd i 2012 og smalt inn 3-1 målet til Herd.
Men så skulle byens aller største stjerne vise seg fram i lokaloppgjeret. John Arne Riise har hatt ein tung start på comebacket i AaFK, men i sluttminutta viste han si store vinnarvilje og sterke dødballeigenskapar
Etter 87 minutt står Riise klar på hjørneflagget og slår eit godt hjørnespark, som jammen går rett i mål!
Minuttet etter får dei oransje nok ein corner og igjen går Riise ut. Denne gongen får han hjelp av innbyttar Mustafa Abdelloue framfor mål som får lirka ballen over streken.
Dødballane var forskjellen
Herd mistar avansementet i sluttminutta og må ut i ekstraomgangar. Der har Aalesund god kontroll og når Mos igjen får til ein fulltreffar i starten av den fyrste ekstraomgangen, blir det tungt.
– Me var så nærme. Me hadde 3-1 og så fekk dei to dødballar. John Arne har spelt på eit høgare nivå og han skjønar at han må slå gode dødballar mot slutten og det gjorde han. Me evnar ikkje å forsvare oss på dei inne i boksen og det var heilt avgjerande. Det var forskjellen på 3.divisjon og eliteserien i dag, seier Herd-trenar Skiri.
Han var med på å vinne cupfinalen med Aalesund i 2009. Da scora han det avgjerande målet i straffesparkkonkurransen, men i dag fekk han ikkje ein ny jubeldag i cupen.
Aalesund er best i byen, reddar seg inn med eit nødskrik og sikrar avansement til 3.runde.