Det er ein lite blid talsmann for supporterklubben «Blåsarane» NRK møter. Han har nett fått vite at kampen mellom Kristiansund og Hødd er flytta frå pinsa til onsdag 22. mai.
– Dette er tragisk for oss. Det er håplaust. TV-selskapa har rett og slett for mykje makt, seier talsmann for supporterklubben «Blåsarane», Kåre Henning Aurvåg Gardshol til NRK.
Kampen skal spelast onsdag 22. mai klokka 19.00 og blir hovudkamp på TV2 Zebra denne dagen. Og mens Hødd-supporterane deppar over endringa, er det jubel i Kristiansund.
– Dette er eit fantastisk høve til å profilere og vise fram byen, regionen og ikkje minst klubben vår. Dette er gledeleg for oss. Vi trur det heng saman med at fotballnoreg følgjer med Kristiansund for tida, seier dagleg leiar Kjetil Thorsen i Kristiansund ballklubb.
- Les også:
- Les også:
Tidlegare har det vore sendt ein cupkamp direkte på TV frå Kristiansund. Slik sett er det ei historisk hending, når første direktesendte seriekamp blir blåst i gang i Kristiansund denne onsdags kvelden.
– Ja, dette er historisk. Vi hadde rett nok lagt mykje energi i det opphavlege arrangementet 2. pinsedag. Så det blir litt praktiske utfordringar. Men dei tek vi med glede, dette ser vi verkeleg fram til, seier Thorsen.
– Så det er ingen sure miner i Kristiansund over at TV-selskap har så sterk styring på kamptidspunkta?
– Nei. TV2 var her i serieopninga. Då fekk dei sjå kva fasilitetar vi har å by til både media og publikum. Eg trur nok det har medverka til at vi fekk TV-kamp denne gongen, seier Thorsen.
Hødd og supporterklubben «Blåsarane» hadde planar om seje opp bussar til lokaloppgjeret i Kristiansund. Ulsteinvik og Kristiansund ligg berre eit fåtals timar frå kvarandre, dei to byane ligg i same fylket, og på ein helgedag ligg alt til rette for å kunne besøke kvarandre.
– No må vi nok skyte ei kvit pil etter å få gjennomført planane våre. Vi må i alle fall diskutere i klubben kva vi skal gjere no. Vi hadde tenkt å satse på denne kampen. Og mange var interessert i å bli med på denne borteturen. Og DET hadde vore positivt både for Hødd og Kristiansund. Men det ser nesten ikkje ut som om fotballforbundet vil legge opp til å få folk på stadion, sukkar ein oppgitt Kåre Henning Aurvåg Gardshol.
Kjetil Thorsen i Kristiansund ballklubb har forståing for at det nok kjem færre bortesupporterar til kampen etter flyttinga.
– Det er heilt klart at det blir praktiske utfordringar med å kome seg på kamp midt i veka. Supporterklubben her hadde også lagt opp til eit felles arrangement med «Blåsarane» i forkant av kampen. Og dette blir truleg vanskeleg å få til. Men vi ønskjer både Hødd og «Blåsarane» hjarteleg velkomne til Kristiansund den 22. mai, seier Kjetil Thorsen til NRK.