2. juledag startar VM i hurtigsjakk i Moskva. Magnus Carlsen er den største favoritten før start, men historikken gir verdas beste sjakkspelar noko å tenke på.
- Det er fem år sidan sist han opna med siger.
- I fjor starta Carlsen med to strake tap, mot antatt dårlegare motstand.
– Det er sikkert tilfelle i spel, men dei siste åra har eg spelt betre mot antatt sterkare enn dei antatt svakare. Eg speler mykje dårlegare mot svakare motstand, og senkar meg ned på deira nivå, seier Magnus Carlsen.
«Dårlegaste eg har spelt nokon gong»
I VM blir dei høgast rangerte spelarane sett opp mot dei antatt svakare i dei første rundane. Magnus Carlsen blir sette opp mot ein av dei med dårlegast ranking i feltet.
– Eg har eigentleg gitt opp å gjere noko med det, seier Carlsen.
– Kva seier det om deg?
– Sikkert at mentaliteten er dårleg.
I fjor stod Carlsen klart betre mot Adam Tukajev, som var rangert 350 rating-poeng bak Carlsen, men Carlsen gløymde klokka og tapte på tid. Neste runde tapte han mot Sjamsiddin Vokhidov, som var 600 poeng bak Carlsen på lynsjakk-ratingen, og rangert som IM (internasjonal meister), nivået under stormeister i sjakk.
SLO CARLSEN: Den ukjente usbekaren Sjamsiddin Vokhidov.
Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK– Det er den store psykologiske gåta ved Magnus. Kvifor klarer han det ikkje? Han startar så ofte med tap, men greier likevel ikkje å gjere noko med det, seier NRKs sjakkekspert Atle Grønn.
Sjølv uttalte Carlsen at det var «det dårlegaste han hadde spelt nokon gong, så lenge han kan hugse».
– Magnus Carlsen er avhengig av å vere motivert. Mot svakare motstand blir det forventa at han vinn, det å vinne blir berre å gjere jobben er kjedeleg, og han vil gjere noko ekstra. I sjakk er normalresultatet remis, men når normalresultatet er siger, finn han ikkje den indre motivasjonar, meiner Atle Grønn.
Skjedde sist i 2014 – tok tre VM-gull
2014 er sist gong Carlsen vann opningsrunden i VM i hurtigsjakk. Då enda han opp med å vinne VM-gullet i både hurtig- og lynsjakk, i tillegg til at han slo Vishy Anand i langsjakk-VM i november. Han vart då den første i historia som tok alle tre titlane i same år.
I 2015 og 2016 starta han med remis, medan tre år på rad har det vorte verst tenkelege start på romjula.
NRKs SJAKKEKSPERT: Atle Grønn.
Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK– Han klarer ikkje gire seg nok opp i treningspartia. Det gjer han ikkje verkeleg varm. Det er berre konkurranse som har effekt, han er alltid litt rusten i starten, seier Atle Grønn.
Sjølv meiner Magnus Carlsen at 2019 er dei beste åra hans i langsjakk. I lyn- og hurtigsjakk har det gått litt verre, men han vann nyleg ein storturnering i Kolkata i India. No kan han krone eventyråret 2019 med ein eller to VM-titlar.
– Sjølvtilliten er litt ned, for å vere heilt ærleg. Men i India såg eg kor fort eg kan gå opp med litt gode opplevingar, men eg trur ikkje det er noko problem. Sjølvtilliten kjem fort tilbake, seier Magnus Carlsen.