Medan resten av landslaget går dei siste verdscuprenna før VM, kjempar Tiril Eckhoff for å finne VM-forma heime i Norge.
Sesongen har vore blytung, med to sjukdomsperiodar og 7.-plass som beste individuelle resultat for den regjerande VM-vinnaren i sprint.
Medan håpet ser ut til å svinne hen, har trenar Steinar Mundal ikkje mista trua på at Eckhoff kan kjempe om VM-medaljar.
Grunnen til det er effekten han har sett av 26-åringens lengre treningsperiodar med konkurransefri.
– I fjor klaffa det jo med den planen. Ho stod over verdscuprenna i USA og Canada, trena godt heime og trappa ned mengda inn mot VM.
Suksessoppskrifta blir langt på veg kopiert i år.
– Vi gjør noko tilsvarande det vi gjorde i fjor. Eg har også sett det tidlegare at ho lukkast med å trene bra i staden for å konkurrere, seier Mundal.
Ville ikkje ta risiko
I år er konkurranseformen riktig nok langt dårlegare. I fjor enda ho på 4.-plass i sitt siste verdscuprenn før VM i Holmenkollen.
Sist helg blei det 19.-plass i siste renn før årets VM, og Eckhoff enda opp med å vere så sliten etter sjukdom at Mundal ikkje våga å ta ho med til høgda for å konkurrere i Anterselva, 1600 meter over havet.
– I staden går ho langturar på ski i låglandet for å få nok mengdetrening. Ei veke før VM vil ho sleppe opp mengda for å få overskot, seier Mundal.
Lunde skeptisk til skyteform
Men sjølv om Mundal er optimist med tanke på fysisk form, er NRKs skiskyttarekspert Ola Lunde skeptisk til Eckhoffs skyteform.
Han trur det kan bli for mykje å rette opp i på for kort tid.
– I fjor var ho ei av verdas beste skyttarar i liggande, men i år har ho ikkje lukkast der. I ståande er det riktig nok litt betre enn i fjor, men ho har ein stor jobb å gjere før VM, seier Lunde.
– Lettare veg tilbake for Tiril
Ei veke før VM blir det klart om Eckhoff har lukkast med si gamle suksessoppskrift. Då skal skyteform og langrennsform på ein siste prøve under testrenn.
Mager trøyst får vere at Eckhoff ikkje er aleine med å ha slitt før VM. Det er også Petter Northug, som er usikker på om han får gå renn før ski-VM i Lahti.
Mundal trur situasjonen har vore meir dramatisk for Northug.
– Northug har vore vekke lengre enn Tiril. Ho gjekk jo raskt før jul, så vi har vel ein litt lettare jobb enn Petter Northug med å komme tilbake i form, seier Mundal.