NRK Meny
Normal

– Tanken på at folk kunne nyte å sjå på denne torturen var rett og slett sadistisk

Tour de Ski-debutant Kari Øyre Slind trudde ikkje monsterbakken kunne vere så ille som alle sa. Undervegs i bakken skifta ho meining.

Kari Øyre Slind på toppen av bakken

TORTUR: Kari Øyre Slind trudde ho aldri skulle kome seg til toppen undervegs og følte at alt berre stod stille. – Ein blir heilt desperat når ein føler det ikkje går framover i det heile tatt.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

«Da jeg sto på startstreken noen minutter senere, ønsket jeg intenst at det startskuddet kunne treffe meg så jeg bare kunne legge meg ned å slappe av litt»

Kari Øyre Slind er brutalt ærleg på korleis det var å vere fyrstereis på langrennssportens mest ekstreme konkurranse. Vel heime på Oppdal har 24-åringen sett ord på opplevinga på bloggen sin.

Tour de Slagmark

I MÅL: Kari Øyre Slind kallar avslutninga av Tour de Ski for «Tour de Slagmark» i bloggen sin. I målområdet låg ho på bakken glad, geispande etter luft.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Ville ikkje sjå bakken

Øyre Slind hadde høyrt alle skrekkhistoriene frå lagvenninnene om monsterbakken som kvart år avsluttar touren. Kvelden før takka ho nei da landslagstrenar Roar Hjelmeset spurde om ho ville bli med på ein køyretur for å sjå den berykta bakken.

– Eg tenkte nokre sekund, men fann ut at nei det vil eg ikkje. Det einaste eg oppnår med det er at den ser verre ut enn eg hadde sett for meg, fortel ho til NRK.

Kari blei igjen på hotellet der ho kunne skimte bakken frå hotellrommet. Men alt dagen før, rett før den nest siste etappen hadde både kroppen og hovudet sagt ifrå at nå var det nok.

– Da eg stod på startstreken skjønte eg ikkje korleis eg skulle klare å gå skirenn. På oppvarminga måtte eg gå minst mogleg på ski for å ikkje sløse bort den vesle energien eg hadde i kroppen.

Kari kom til mål og ikkje minst til start dagen etter, da ho var klar for å klyve opp Alpe di Cermis.

Mental tortur

Alt gjekk greitt på transportetappen ned til botn av bakken.

Kari tenkte med seg sjølv at dette gjekk jo greitt, kanskje ikkje alpinbakken er så ille som alle seier. Men så begynte stigninga.

«Første heng kom, og der jeg hadde bestemt meg for å padle greide jeg nesten ikke å få skia til å gli på kjerringdansen engang. Jeg så meget svart på livet i disse peridodene, og at folk kunne ha nytelse av å se på denne torturen var rett og slett sadistisk. Det var kanskje mest av alt en mental tortur å kare seg oppover».

– Det hjalp jo at folk heia langs løypa, men tanken slo meg faktisk, tenk at dei nyt at eg har det så vondt, seier Slind og ler av sine eigne tankar.

Kari i bakken

MENTAL TORTUR: Ho visste det kom til å bli forferdeleg, men Kari Øyre Slind hadde aldri trudd den fyrste turen opp monsterbakken skulle gjere så vondt. Likevel sit ho igjen med full av inspirasjon etter dei ti dagane i Tour de Ski.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Men i mål kom Kari Øyre Slind, til ein høgst respektabel 18.-plass i sin fyrste Tour de Ski. Og ho er uforståeleg nok vil du kanskje seie, ikkje skremt.

– Nå har eg alt gløymt kor vondt eg hadde det. Tour de Ski gav absolutt meirsmak.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Radiosporten følger den 20.runden av Eliteserien
4-4-2 Eliteserien fotball: Viking - Brann
Eliteserien: Viking - Brann