– Dette er den beste kombinasjonen eg har hatt. Målet har vore å bli betre heile vegen, og det er kjempegøy å leie VM, sa Sindre Henriksen. Den 24 år gamle bergensaren stod bak mennenes beste opptur på VMs første dag.
Ved vatningspausen midtveges i 5000-meteren stod Henriksens namn øvst på resultatlista – både på 5000 m og samanlagt. Samanlagtleiinga heldt han til dei nederlandske toppløparane kom og knuste alt og alle frå det niande paret.
Tidlegare på dagen hadde Henriksen teke tredjeplassen på 500 m.
Trass i ei litt svak avslutning kom Sindre Henriksen inn på 6.29,27. – Det er første gang under 6.30 på låglandsbane, og det er topp å få det til under VM på heimebane, sa Fana-løparen til NRK før dei siste seks para. Persen på 6.24,33 er frå høgfjellsbana i Calgary.
Gjekk på rytme og vilje på slutten
Han vedgjekk at det heldt hardt på halvmila.
– Tre rundar før slutt var kreftene vekk. Men eg hadde rytmen og viljen, det glei fint og eg trefte med det meste. Derfor gjekk det ganske fort også på slutten, sa Henriksen, som hadde heile familien på tribunen.
Etter vatningspausen heldt ikkje leiinga lenger. Først mista han førsteplassen på 5000 til italienske Nicola Tumolero.
Og då dei frykta nederlandske løparane med Sven Kramer i spissen gjekk, blei både Henriksen og alle andre skyvd nedover listene. 5000-meter-tida heldt berre til 11.-plass, og samanlagt er han nummer sju.
Men det øydela ikkje dagen for han.
Får truleg gå 10.000 m
Sindre Henriksen er optimist framfor søndagens 1500 meter, som vanlegvis er hans beste distanse.
– Eg har veldig lyst til å få til eit godt løp spesielt på den distansen, og skal skuffe på med dei kreftene eg har. Målet mitt er å kome med på 10.000 m, og den sjansen har eg no, seier bergensaren.
Landslagssjef Sondre Skarli er også raus med ros til 24-åringen.
– Betre 5000 m har Sindre aldri gått. Å få det til i eit VM på heimebane er ikkje berre-berre. Her var det mykje vilje og rytme, det såg vi på slutten, seier Skarli.
Nederlandsk maktdemonstrasjon
Ikkje uventa vart det nederlandsk maktdemonstrasjon til slutt. Sven Kramer vann på 6.12,33, framfor Patrick Roest og Jan Blokhuijsen. Same rekkefølgja er det samanlagt, der 0,89 1500 m-sekund skil trioen.
Sverre Lunde Pedersen er beste ikkje-nederlendar, men langt bak. Han må ta igjen nesten 2,7 sekund berre for å kome opp på tredjeplassen før 10.000. Pedersens 5000 m, der han blei slått av Bart Swings på dei siste rundane, heldt berre til sjuandeplass.