– Presset blei for stort. Eg fekk ekstremt høge skuldre og blei overtent. I dag var eg ret ogs slett ikkje god nok, sa det norske gullhåpet etter å ha blitt utklassa av Rustam Assakalov frå Usbekistan i åttedelsfinalen i 98 kilosklassen i VM.
Baldauf var sjanselaus og tapte på såkalla teknisk fall etter berre eitt minutt og 12 sekund.
– Av og til møter du brytarar som ikkje passar din stil, sa europameisteren til NRK etter det stygge tapet.
Baldaufs vidare håp om ein medalje låg i at 33-årige Assakalov skulle ta seg heilt til finalen, men det skjedde ikke.
Lang sesong
– Når du vinn EM, blir du gjennomanalysert, og alle veit korleis du bryt. Overraskingsmomentet er borte. Eg prøvde to gonger såkalla mare, som eg vanlegvis scorar på. Men her gjekk det skeis, seier han.
– Eg seier til meg sjølv at eg kan bryte under press. Men det gjekk ikkje.
I dag tidleg kjende han seg tung i kroppen og umotivert. Det var hans tredje meisterskap i løpet av fire månader. Han seier at han rekna VM som ein bonus.
Til tannlegen
– Eg har aldri vore med på ein så lang sesong som dette, 11 månader. No er eg lei brytematter og å snøre på meg sko. Eg gler eg meg til ferie i 6-8 veker og til å bli «semi-tjukk», seier han.
No må han til tannlegen etter å ha fått ein smell.
– Det skal eg dersom eg har råd. Men bryting er dårleg betalt.
Norges andre VM-deltakar i dag, Petter Karlsen i 71-kilosklassen, tapte for Demeu Zjadrajev frå Kasakhstan i 16-delsfinalen. Karlsen tapte også kampen mot russaren Adam Kurak i oppsamlingsrunden og er definitivt ute av VM.
– Eg er fornøgd med gjennomføringa. For seks månader sidan hadde eg slitt med skader og sykdom i over eitt år. Eg hadde både kyssesjuka, brannkoppar, prolaps i nakken og brot i skuldra. Det har verkeleg vore ein prøvelse. Så VM i år var eigentlig bare ein bonus, sier Petter Karlsen til NRK.