– Vi har ikkje fått signal om at nokon av utøvarane vurderer søksmål, men vi er klar over faren for det, seier Wada-president Craig Reedie til NRK.
Reedie er i Norge for å ta imot erklæringa som Kulturdepartementet og Norges Idrettsforbund har vedteke, og som krev at Wada må få større makt i å setje i verk sanksjonar i dopingsaker.
Han vedgår at han er uroleg for hackinga som den russiske gruppa Fancy Bears greidde å gjennomføre tidlegare denne månaden, der utøvarane sine medisinske opplysningar blir offentleggjorde.
– Vente og sjå kva som skjer
– Vi søkjer juridiske råd, og vi har svært gode it-folk på kontoret vårt i Montreal, seier Reedie.
– Kva kan konsekvensane av eventuelle søksmål bli?
– Vi må vente og sjå om det skjer. Eg vil tru at vi vil forsvare oss som vi gjer i andre juridiske saker, seier Reedie.
– Eg trur utøvarane veit godt at det ikkje er vår feil. Det er hackarane sin feil, og det er dei søksmål må rette seg mot, seier Wada-presidenten.
Trur Russland kjenner til hackinga
Han blir opprørt nå han snakkar om hackinga.
– Det er fullstendig feil å gjere slikt, og det er truleg kriminelt at utøvarane sine private helseopplysningar er lagt ut offentleg. Det er urettferdig overfor utøvarane, for ingen av dei har brote nokon reglar.
– Vi trur at det er svært gode ekspertar som står bak. Eg trur ikkje at det er dei russiske styresmaktene som står bak, men eg blir overraska om ikkje dei kjenner til det, seier Craig Reedie.
Det norske datatilsynet kritiserte Wada for å ha for dårlege innloggingssystem allereie før denne hackinga oppstod.
Har enno ikkje stoppa lekkasjane
– Vi har kontinuerleg kontakt med Antidoping Norge og gjer alt vi kan for å ha så sikre system som mogeleg. Men eg var ikkje klar over denne spesifikke kritikken, seier Reedie.
– Har de greidd å stoppe lekkasjane?
– Nei, ikkje enno.
Vil ikkje ut av IOC
Craig Reedie fekk presentert den fellesnordiske fråsegna der det blir kravd at antidoping-organisasjonen må få større makt til å innføre sanksjonar i dopingsaker.
Der blir det også teke til orde for at organisasjonen må vere mest mogeleg uavhengig.
Reedie har av den grunn sjølv gitt seg som visepresident i IOC, men han er framleis medlem i IOC.
– Eg kjenner meg hundre prosent som Wada-mann, og arbeider ikkje på vegner av IOC.
– Så du tenkjer ikkje å trekkje deg frå IOC?
– Nei.