Hopp til innhold

Unge palestinske fotballspelarar: – Infantino, let us play

Palestinske barn vart fjerna av israelske soldatar då dei prøvde å seg inn i ein israelsk nybyggjarlandsby for å spele fotball.

Palestinske fotball-barn

BER FIFA-PRESIDENTEN OM HJELP: Palestinske fotballspelarar meiner dei blir meir og meir hindra frå å spele fotball på Vestbreidda, og ber Gianni Infantino om å rydde opp

Foto: ABBAS MOMANI / Afp

Aksjonen i går var ein demonstrasjon mot det palestinarane meiner er ulovleg bustadutbygging som mellom anna gjer livet stadig vanskelegare for palestinsk fotball.

FIFA-styret skal behandle konflikten på sitt møte i slutten av denne veka.

Seks israelske fotballklubbar held til på den Vestbreidda, som ifølgje FN er ulovleg okkupert land. Israel har hatt kontroll over Vestbreidda sidan krigen i 1967. Sidan har over 700.000 israelarar busett seg der, ifølgje tal frå Human Rights Watch.

Krev at klubbane blir flytta

Celtic - Palestina

STØTTE: Palestinarane sine problem blir lagt merke til. Her er det Celtic-supporterar som markerer seg under mesiterliga-kvaliken mot israelske Hapoel Be'er-Sheva

Foto: Russell Cheyne / Reuters

Palestina er medlem av FIFA, og har kravd at dei israelske klubbane må flyttast ut av det okkuperte området.

– Infantino, let us play, ropa dei unge fotballspelarane, med adresse til FIFA-president Gianni Infantino.

Det var gutar mellom 11 og 15 år som i går marsjerte inn mot den israelske landsbyen Maale Adumim på Vestbreidda for å spele fotball – ein landsby som har vakse til 40.000 innbyggjarar.

Men dei vart stansa av soldatar og politi i det dei skulle gå inn på området.

– For meg har det prioritet å finne ei løysing på dette spørsmålet, sa Infantino til AFP for nokre dagar sidan.

– Eit fotballspørsmål som har blitt politisk

Human Rights Watch har bedt FIFA-presidenten om å rydde opp. FIFA har sett ned eit utval som skal greie ut om desse problema.

– Dette er eit fotballspørsmål som har blitt politisk. Vi har enno ikkje funne ei god løysing på det, men det trur eg vi skal, seier Infantino før møtet der problemet står på saklista.

Gutane kom frå område som risikerer øydelegging og tvangsflytting som følgje av nye israelske bustadområde.

– Kvifor kan de ikkje la dei får spele fotball her? spurde Fadi Quran frå den palestinske gruppa Avaaz.

– Dei kan spele kvar dei vil, berre ikkje her i Maale Adumim, svara ein av dei israelske tryggingsfolka.

Kan krevje Israel kasta ut av FIFA

Fotball i Palestina

NØKKELPERSONAR: Tokyo Sexwale (i midten) er FIFAs mann som skal prøve å finne løysing. Her flankert av den palestinske fotballpresidenten Jibril Rajoub (t.v.) og Israels fotballpresident Ofer Eini

Foto: Majdi Mohammed / Ap

Det palestinske fotballforbundet har tidlegare klaga til FIFA over vanskane israelske tryggingstiltak gjer når fotballspelarane skal reise til og frå kampar og trening. Ofte kjem spelarar for seint, eller ikkje får ikkje spele i det heile.

Forbundet kritiserer også FIFA for å tillate at israelske lag får spel på «land som internasjonalt er rekna som okkupert».

Israel på si side skuldar Palestina for å tekkje fotballen frå bana og inn i politikken. – Fotball skal føre folk saman, ikkje splitte dei, er svaret frå Israels fotballforbund.

Dima Yousef, som spelar på Palestinas kvinnelag, seier det slik:

– Vi er ikkje ute etter å hindre israelarane i å spele fotball. Men vi vil at det internasjonale samfunnet skal vite at det ikkje er rett for (ulovlege) nybyggjarar å spele fotball på land som ikkje er deira.

Dersom møtet denne veka ikkje kjem fram til ei løysing som det palestinske fotballforbundet kan godta, vil Palestina truleg ta opp att forslaget om å sparke Israel ut av FIFA.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal