Leif Gunnar Smerud leia kvinnelandslaget for aller første gong. Det gav fleire av jentene uttrykk for at dei sette pris på.
– Vi fekk klare retningslinjer før kampen, og vi fekk det langt på veg til også, sa Caroline Graham Hansen i NFFs direktesending på Facebook.
– Dette var lovande. Det er gøy å jobbe med han, eg håpar at han får halde fram, sa Hansen.
– Det var ein fin treningskamp og ein viktig kamp for Norge på sikt. Vi viser at vi held følgje og vel så det med Sverige. Jentene gjer ein veldig solid innsats. Men eg skulle gjerne sett ei scoring, var Smeruds kommentar til NRK.
Sjølv seier han at han ikkje er aktuell som framtidig sjef for kvinnelandslaget.
– Nei, eg er U21-trenar, seier han.
Siktemål januar
Men kven som skal leie det norske laget framover, blir neppe klart med det aller første.
– Vi skulle gjerne hatt han på plass til kampen mot Tyskland (29. november), men det er ikkje sikkert vi får til. Vi har gått breidt ut, og arbeider mot ei avklaring seinast i januar, seier toppfotballsjef Nils Johan Semb til NRK.
– Leif Gunnar skal etter plaen ha ansvaret i desse to kampane. Får vi på plass ei løysing før det, vil den nye leie laget mot Tyskland, seier Semb.
– Det var full innsats, og vi fekk vist mykje av det vi har jobba med. Vi skulle nok etablert betre spel heilt fremst, og vore litt meir presise. Men fekk til mykje av det eg håpa. Det er god innsats i botnen, og vi har bra kontroll. Ein heilt ok kamp, sa Smerud til NFF.
Også Emilie Haavi er nøgd med den nye trenaren.
– Vi har hatt bra treningar med trøkk og energi. Det var tydeleg kva planen var frå dag 1, seir ho om trenaren dei har hatt i berre fire-fem dagar.
– Sverige var litt annleis enn vi venta. Det var mykje springing, og vi lykkast godt med presset, vi hadde fokus på det. Og vi løyste det, seier ho.
Uviss framtid
Det er uvisst om han har jobben også i Norges neste kamp, mot Tyskland 29. november. For Smerud er normalt trenar for guttas U21-landslag, og er berre vikar for kvinnelandslaget, etter at Roger Finjord slutta etter avslutta EM-kvalifisering tidlegare i haust.
Medan dei svenske OL-finalistane var best den første timen av kampen, avslutta Norge best og hadde gode sjansar på slutten.
– Eg er glad vi greidde å halde nullen. Vi var litt shaky i første omgang, men hadde bra bra trykk i 2. omgang. I pausen blei vi samde om å utnytte romma vi fekk på sidene. Alt i alt gjorde vi ein bra prestasjon, seier lagkaptein Maren Mjelde.
Det blei drama i sluttminutta då Ada Hegerberg vart liggande etter ein duell. Lyon-stjerna måtte hjelpast av bana med bandasje og rennande blod.
NRK får opplyst at ho fekk hjerneristing og har sydd fire sting, men at det skal gå bra med Hegerberg.