Hopp til innhold

Pedersen slått ut etter taktisk blemme: – Trudde eg kom vidare med to poeng

PYEONGCHANG/OSLO (NRK): NRKs ekspert Even Wetten er ikkje nådig verken mot Sverre Lunde Pedersen eller lagleiinga etter at finaleplassen i fellesstarten rauk.

Sverre Lunde Pedersen

TAKTISK BLUNDER: Sverre Lunde Pedersen trudde at to spurtpoeng skulle halde til finale, men det gjekk ikkje

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Katastrofen er mykje større enn at han ikkje kvalifiserte seg. Han hadde krefter til å vere med. Han prøver berre ikkje, seier NRKs Even Wetten.

Han har nettopp sett Sverre Lunde Pedersen rote seg bort i innspurten, og må sjå at finaleplassen ryk for Norges einaste deltakar i den olympiske fellesstarten på skøyter.

– Hadde dei som står og ropar på han, vore tydelegare, hadde han kanskje klart det. Han har kapasitet til å henge med, seier Wetten.

Høyrde ikkje trenarens rop

Men kva trenaren sa fra indre bane fekk ikkje Pedersen med seg undervegs.

– Sondre sa at han skreik, og kanskje eg høyrde noko. Men det var j**** mykje lyd og bråk der, så eg fekk det kanskje ikkje med meg tydeleg nok då. Det er litt bittert, fortel Pedersen til NRK.

Landslagstrenar Sondre Skarli stadfestar dette.

– Det er veldig vanskeleg å høyre oss trenarane der vi står, fordi publikum brøler ganske mykje. Eg ropte av full hals, men eg er ikkje sikker på om eg rakk gjennom til han, seier Skarli.

– Eg ropte at han måtte ta fleire poeng og halde fram. Han hadde ei stor luke til feltet, han var veldig langt framme, og gjorde veldig mykje arbeid. Det var synd, for eg trur utan tvil at han var sterk nok. Men han manglar rutine på distansen.

– Var ikkje god nok i avgjerande stunder

Pedersen tok to spurtpoeng undervegs, eitt etter 8 og eitt etter 12 rundar. Det trudde han sjølv var nok, og vedgår at han gjorde ein taktisk bommert.

– Det blei nok det. Eg er ikkje erfaren og rutinert nok, seier han.

– Det gjekk ikkje heilt etter planen. Eg var ikkje god nok i dei avgjerande augneblikka, og så trudde eg at eg kom til finalen med to poeng. Men eg måtte ha tre, og det er litt irriterande i ettertid, seier han til NRK.

Det irriterte også Wetten.

– Han hadde kapasitet til å bli blant topp tre, uavhengig av spurtpoenga, seier Wetten.

Det er ikkje Pedersen sjølv heilt samd i.

– Eg var dyktig sliten der på slutten. Eg hadde prøvd fleire gongar så det er ikkje sikkert eg hadde klart å halde unna uansett. Det er ein øvingssak, dette. Eg visste at det kom til å bli tøft, men det er litt irriterande at det blei som det blei.

Pedersen meiner at Norge bør satse meir på fellesstart med fleire løparar som bør trene på dette.

– Det er litt viktig no, fordi det er blitt ei olympisk øving, seier Pedersen, som ikkje har gått ein fellesstart på to år.

  • Finalen enda med heimesiger til Lee Seund-Hoon. Sølvet gjekk til Bart Swings, som tok Belgias første medalje i årets OL. Koen Verweij frå Nederland tok bronsen.

Siste nytt

  • Formel 1-stjerne ferdig i Haas etter sesongen

    Den tyske Formel 1-stjernen Nico Hülkenberg kjører sin siste sesong for Haas. Det bekreftet laget fredag formiddag.

    «Haas og Nico Hülkenberg vil skille lag ved avslutningen av 2024-sesongen» heter det i meldingen på X.

    Tyskeren er inne i sin andre sesong for Haas. Tidligere har han kjørt for lag som Williams, Sauber, Renault og Aston Martin.

    36-åringen har tatt en pole position, men har fortsatt til gode å vinne et Formel 1-løp. Totalt har han tatt 534 poeng på 211 løp i karrieren.

    Så langt denne sesongen står han imidlertid bare med fire poeng på fem løpshelger. Hans beste resultat i år er en 9.-plass fra Australias Grand Prix. (NTB)

    Japan F1 GP Auto Racing
    Foto: Hiro Komae / AP
  • Rashford ut mot netthetsen: – Nok er nok

    Manchester United-angriperen Marcus Rashford (26) har sett seg lei av behandlingen han får i sosiale medier.

    I et svar på en støttemelding på X skriver Rashford at «mobbingen har pågått i månedsvis».

    – Nok er nok, avslutter han med.

    Responsen kom etter at en X-bruker med United-sympatier gikk ut mot hetsen av Rashford og omtalte den som motbydelig og ondsinnet.

    26-åringen scoret hele 30 mål forrige sesong, men siden har det gått trått. Rashford står denne sesongen med kun åtte scoringer på 40 klubbkamper. (NTB)

    Rashford jubel united
    Foto: Reuters
  • Ny teknikktrener for alpinkvinnene: – Glade for at vi er attraktive for de beste trenerne i verden

    Østerrikske Johannes Zöchling (44) har blitt ansatt som ny hovedtrener for de norske alpinkvinnenes teknikklag.

    Det skriver Norges Skiforbund i en pressemelding.

    – Vi er glade for at Johannes velger å bli med oss og ser fram til å få han på laget. «Hannes» har en sterk og variert bakgrunn, med gode resultater, forteller alpinsjef Claus Johan Ryste.

    Zöchling kommer fra Det østerrikske skiforbundet, hvor han har jobbet i ulike roller de siste 15 årene. Blant annet har han hatt ansvaret for kvinnenes teknikklag i seks år, mens han de siste tre sesongene har hatt ansvar for rekrutteringslandslaget på herresiden.

    Østerrikeren tar over for Janne Haralla, som har fått en rolle i den amerikanske superstjernen, Mikaela Shiffrins, lag. (NTB)

    Thea Louise Stjernesund i Kranjska Gora
    Foto: BORUT ZIVULOVIC / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal