Han snakkar om nesten-ulykka på 2. etappe av Tour of California i natt, der latviske Toms Skujins gjekk rett i asfalten i stor fart i ei utforkøyring.
Skujins ligg i tetgruppa på fire mann. I ein sving sklir sykkelen og Skujuns deiser i asfalten. Han reiser seg igjen, prøver å setje seg på sykkelen, men får det ikkje til. I staden går han ut i vegbana for å plukke opp GPS-en.
Ei vakt greier å dra sykkelen ut på motsett vegkant like før bilane og hovudfeltet susar forbi. Fullstendig omtåka prøver Skujins å ta seg tilbake over vegen, og greier det mirakuløst utan å bli påkøyrd.
Så set han seg ustødig på sykkelen og trør vidare. Han er på nippet til å køyre i grøfta ein gong til, men greier seg så vidt.
Like etterpå kjem lagleiarbilen fram og får tatt latviaren av sykkelen og ut av rittet.
– Fallet er i seg sjølv skikkeleg stygt, men det verste er når han går ut i vegen for å hente GPS-en sin. Han har ingen kontroll, men sjanglar som om han skulle fått ein fulltreffar frå ein tungvektsboksar, seier NRKs sykkelekspert Dag Erik Pedersen.
– Syklane susar forbi i 60 kilometer i timen, og det hadde vore den sikre død om nokon hadde treft han. Det svarar til nokså mange tonn i den farten, seier Dag Erik Pedersen.
– Var det uforsvarleg å la han sykle vidare?
– Det er vanskeleg å kritisere nokon for at han gjorde det. Den einaste som kunne hindra han, var vaktmannen som var på staden. Lagleiinga var ikkje der akkurat då, og dei tok han jo ut straks dei nådde fram, seier Pedersen.
– Men som toppsyklist har han nok i ryggmergen eit krav om å ikkje bryte rittet. Alle syklistar ønskjer mest av alt å fullføre, og det gjorde Skujins også, seier Pedersen.
På sjukehuset blei det konstatert hjerneristing og kragebeinsbrot for den uheldige latviaren.