Dei fleste bettingselskapa held tyske Tony Martin som den største gullfavoritten i København. Like under følgjer tidenes sterkaste temposyklist og regjerande verdsmeister Fabian Cancellara.
– Dette blir den store og spennande duellen, seier kommentator Jann Post.
– Det blir superjamt, seier tidlegare VM-syklist på tempo, Knut Anders Fostervold.
Slik vurderer Post og Fostervold dei to rivalane:
Fabian Cancellara
– Han var skuffande i Tour de France og Spania Rundt. Men Cancellara er normalt sett betre på ein enkeltståande tempo enn i store ritt. Løypa passar også betre for han enn for Martin. Sistnemnde likar betre å køyre på tunge gir over lange flate strekningar. Det får han ikkje her. Cancellara jaktar sitt femte VM-gull, og hadde aldri stilt opp her med lågare ambisjonar, seier Post.
– Ingen har eit potensiale som Cancellara. Han er eit monster, og i ein klasse høgare enn alle andre. Han har ikkje vore på sitt beste i år. Eg er spent på om han finn tilbake i dag, seier Fostervold.
Tony Martin
– Han har vunne alle dei store tempodelane i år, som i til dømes Tour de France og Spania Rundt. Eg spår ein superjamn duell mellom Martin og Cancellara, men førstnemnde er råsterk og førehandsfavoritt, seier Post.
– Eg ser på han som den beste av dei to, men han får det ikkje enkelt. Cancellara kan fort i vinnar-modus. Då vil han vere favoritt etter mitt syn, men den sterkaste er Tony Martin, seier Fostervold.
Dagens einaste nordmann, Reidar Borgersen, startar som nummer 37 i gruppe to:
Starttidspunkt for Borgersen: 13:46:30
- LES OGSÅ: – Jeg er ikke her som turist
Startgruppe 4 (topryttarane)
15.30.00 Vasil Karijenka, Hviterussland
15.31.30 Lanez Brajkovic, Slovenia
15.33.00 Jack Bobridge, Australia
15.34.30 Bert Grabsch, Tyskland
15.36.00 Gustav Larsson, Sverige
15.37.30 Bradley Wiggins, Storbritannia
15.39.00 Marco Pinotti, Italia
15.40.30 Liuewe Westra, Holland
15.42.00 Nelson Oliveira, Portugal
15.43.30 Jakob Fuglsang, Danmark
15.45.00 Richie Porte, Australia
15.46.30 Taylor Phinney, USA
15.48.00 Mikhail Ignatijev, Russland
15.49.30 David Millar, Storbritannia
15.51.00 Tony Martin, Tyskland
15.52.30 Fabian Cancellara, Sveits