Komande helg opnar konkurransesesongen med norgsecup, og snart er det sesongens første NM.
Sist helg leverte dei norske sterke resultat i Inzell.
– Vi har ikkje teke sikte på toppform no, vi er faktisk nokså langt unna. Toppformen skal kome når meisterskapa kjem etter jul, seier Sondre Skarli til NRK.
Landslaget reiser til Asia allereie tidleg i november for dei første verdscupløpa denne sesongen. Men allereie komande helg startar norgescupen.
– Vi håpar å vere endå kvassare i sesongstarten enn vi var i fjor. Det vi ser no, fortel at vi er komne lenger enn på same tid i fjor, så eg er optimistisk framfor dei løpa som kjem no, seier Skarli.
– Ikkje kjempepigg
Sverre Lunde Pedersen stadfester at han er i rute, og kanskje vel så det.
– Dei første skikkelege løpa for sesongen er alltid harde og uvane for kroppen, seier Sverre Lunde Pedersen til NRK.
Han gjekk 5000 meter på 6.17,88 laurdag i det som landslagssjef Sondre Skarli reknar som det aller beste norske løpet denne helga.
– Eg har fire gode gjennomkøyringar, og både på 1500 og 5000 går eg raskare enn på same tid i fjor, seier Pedersen. 1500 gjekk unna på 1.46,59.
– Det er eg svært godt nøgd med, fordi det var ingen toppløp. Eg kjende meg ikkje kjempepigg, så det er betryggande å sjå at grunnivået er såpass høgt som det er, seier Pedersen.
Norgescup-start i helga
Konkurransesesongen tek til komande helg med norgescup-start i Stavanger. Ei veke seinare er det distanse-NM i Bjugn, og det er også uttak til dei første verdscupløpa.
– Eg brukar ikkje å vere veldig god om hausten, men no går det så bra at eg vil vere med i teten i alle fire verdscupstemna før jul, seier Sverre Lunde Pedersen.
– Men det er løpa etter jul som verkeleg er viktige, seier han. Det betyr allround-VM på Hamar og distanse-VM på neste vinters OL-is i Pyeongchang.
Imponert også av Njåtun
Også vår beste løpar på kvinnesida, Ida Njåtun, er godt i rute, trass i sjukdom i førre veke.
– 1500 m var ganske bra til å vere det første løpet. Eg var usikker på formen fordi eg ikkje fekk trena så mykje dei siste dagane, men likevel gjekk eg den raskaste 1500-meteren eg har gjort så tidleg, seier Njåtun.
Sondre Skarli ser lyst på sesongstarten. Han lar seg imponere av Ida Njåtun, som lenge heldt følgje med Ireen Wüst.
Wüst vann med 1.56,31, Njåtun klokka inn på 1.57,68.
– 1.57,68 er ei kjempetid, og fighten med Wüst var herleg. Og med Sverres gode opning i tillegg, ser det svært bra ut, seier ein optimistisk landslagssjef.