Jevtovic-perle sende Odd til 4. runde
Milan Jevtovics praktmål frå 20 meter fem minutt ut i andre ekstraomgang sende Odd til 4. runde i cupen med 3-2 over Jerv i Grimstad.
Jerv har fem strake tap i serien, og trenar Arne Sandstø gjorde ikkje mindre enn ni endringar sidan tapet for Haugesund søndag.
Mikael Ingebrigsen gav gjestene ein perfekt start med scoring før det var gått to minutt.
Mikael Ugland utlikna etter ein retur frå keeper etter 17 minutt, men Ingebrighsen sende Odd i føring på nytt like før pause, etter flott forarbeid av Jevtovic.
Kvarteret ut i andre omgang rota Odd-keeper det til med eit tilbakespel, og Amadou Diallo utnytta tabben og utlikna.
2-2 stod det ut den ordinære speletida, før Jevtovic avgjorde i ekstraomgangane, då publikum tok til å førebu seg på straffesparkkonkurranse.
Dermed går Odd til 4. runde. Kampane der skal trekkjast 24. august, men ikkje spelast før til våren.