Curry leia Warriors til NBA-tittel
Stephen Curry heldt fram storspelet då Golden State Warriors slo Boston Celtics 103–90 på bortebane. Med det vann Warriors sitt sjuande NBA-meisterskap.
Curry blei delt toppscorar i kampen med 34 poeng, jamt med Celtics' Jaylen Brown. Warriors vann finalen 4–2 i kampar.
– Eg er så stolt av denne gruppa, sa 34-åringen med tårer i auga etter kampen.
Meisterskapen er det fjerde Warriors har vunne med kjernen beståande av Curry, Klay Thompson og Draymond Green sidan 2015. Også 38 år gamle Andre Iguodala, som returnerte til Warriors før sesongen, vann for fjerde gong.
Men dei siste årea har ikkje vore enkle for San Francisco-laget. Dei tapte finalen mot Toronto Raptors i 2019, og skader på Thompson var blant det som medverka til at dei ikkje ein gong kom til sluttspelet i 2020 og 2021.
– Vi trefte botnen med skader. Det har vore ein lang veg med mykje jobbing for å komme hit, sa Curry.
Han har storspelt gjennom serien, og blei fortent kåra til mest verdifulle spelar (MVP) i sluttspelet. Det er første gangen han har vunne kåringa.