Lindvik nær pallen i Finland
Marius Lindvik blei nummer fire i hopprennet i Ruka. Han hoppa 138,5 meter i begge omgangane, og hoppa seg opp frå sjuandeplass i finaleomgangen.
– Eg greidde å halde skiene litt meir under meg, slik at eg kan fly litt i staden for berre å skjere gjennom lufta. Det var godt å få til to bra hopp, sa Lindviok til Viaplay.
Anze Lanisek vann framfor Karl Geiger og Markus Eisenbichler. Lindvik var 7,7 poeng unna pallen.
Elles blei det ingen suksess for Norge i den ujamne vinden i finske Ruka. Anders Fannemel blei nummer 25 i sin første finaleomgang etter over to års skademareritt. Daniel Andre Tande blei nr 26 og Fredrik Villumstad 30.
Johann Andre Forfang og Robert Johansson kom ikkje med i finalen, og Halvor Egner Granerud kvalifgiserte seg ikkje for rennet.
Vinnaren i går, japanske Ryoyu Kobayashi, testa positivt for korona tidlegare i dag og fekk derfor ikkje vere med.