Haugesund slo tilbake
Laurdag blei Haugesund det einaste eliteserielaget som måtte seie takk for seg i cupen alt i 1. runde. I dag kom dei sterkt tilbake med 2-1 over Strømsgodset.
Kristoffer Velde sende heimelaget i tet med eit hardt skot etter 26 minutt. 1-0 blei også omgangsresultatet.
Timen var spela då Ibrahima Wadji dobla leiinga og såg ut til å gi Haugesund ein grei siger.
Men berre ni minutt etterpå reduserte Fred Friday for Godset, som var nær utlikning på overtid.
Haugesund kleiv opp til sjetteplass med sigeren, og er berre tre poeng bak sølplassen på den jamne tabellen.