Frå rekordtap til ligastatus
For 32 år sidan gjekk dei på det største tapet i tippekampane si historie. I dag sikra Sutton United seg for aller første gong plass i den engelske fotballigaen.
I 1989 stod Sutton bak ein av dei heilt store cupsensasjonane ved å slå det dåverande topplaget Coventry ut av FA-cupen med 2-1. Coventry var i topp fem i 1. divisjon, den tids Premier League.
I runden etter møtte dei Norwich, endå høgare på tabellen i 1. divisjon. Som «premie» vart kampen deira vist som tippekamp i Skandinavia.
Sutton tapte 8-0, det største tapet i ein tippekamp nokon gong. Det var også einaste gongen eit lag utanom ligaen fekk sleppe til i ein tippekamp.
Men no har også Sutton ligastatus. Det blei klart etter 3-0 over Hartlepool søndag ettermiddag, i nest siste runde i National League.