Neste sesongs langrennslandslag
Langrennslandslaga for neste sesong
Menn allround: Hans Crister Holund, Emil Iversen, Sjur Røthe, Simen Hegstad Krüger, Martin Løvstrøm Nyenget, Harald Østberg Amundsen.
– Eg forventar meg mykje av Harald, han blir ein vanvittig god allround løpar, seier Erik Myhr Nossum.
Menn sprint:
Johannes Høsflot Klæbo, Erik Valnes, Pål Golberg, Håvard Solås Taugbøl, Sindre Bjørnestad Skard.
– Alle er med frå i fjor. Det har vore eit rerangt nålauge. Det blei ikkje plass til Finn Hågne Krogh i den lagstrukturen vi har, sa trenar Arild Monsen.
– Men dette er ikkje berre sprinterar. Det er også folk som kan gå femmil. Mange har allround som mål, la han til.
Kvinner elite: Therese Johaug, Heidi Weng, Maiken Caspersen Falla, Helene Marie Fossesholm, Tiril Udnes Weng, Lotta Udnes Weng, Ingvild Flugstad Østberg, Anna Svensen, Ane Appelkvist Stenseth, Ane Kjersti Kalvaa, Mathilde Skjærdalen Myrvold.
– Vi har samla alle i eitt lag, seier Ole Morten Iversen, som har fleire nye inne.
– Vi har 11 namn. Det har vore ein vanskeleg jobb. Per i dag er det sprint vi har mest å hente. Derfor datt ein distanseløpar ut, det blei Ragnhild (Haga). Ho repktere uttaket, og har bestemt seg for at vi har vurdert feil.
Uttaket betyr endring frå 12-10 i favør mennene, til 11-11 neste sesong.