- Positivt at fansen protesterer
Manchester United-tilhengarar blokkerte begge inngangane til klubbens treningsfelt, slik at spelarane ikkje fekk trene, melder Manchester Evening News.
Det var ein protest mot klubbeigarane Glazer-familien, som sa ja til at United skulle vere med i den europeiske superligaen.
– At folk tar seg inn og stiller seg framfor døra til Solskjær og spelarane det utgjer ein skilnad. Eit lite steg rett retning, seier Dag Langerød i united.no til NRK.
Bilete i sosiale media viser supporterar med store banner ved begge inngangane. Eitt har teksten «Glazer ut,» eit anna «Vi bestemmer når de spelar».
– Det er protestar eg er veldig positiv til, seier Langerød.
– Frå klubb til klubb må vi faktisk stole på at ein del i Manchester og omegn orkar å reise til treningsfeltet og seie frå. Laurdag er det varsat ein større protest. Så får vi sjå kor mange som møter opp, seier Langerød.
– Kva er haldninga i Norge?
– At Glazes må kjempast mot. Mange trua med å melde seg ut av supporterklubben. Men no er vi over på at vi treng endringar. Kan vi få supporterar inn i styrerommet? Kan ein skrive ting inn i lover og reglar for Premier League? Supporterane må stå på vidare.