Superduoen til semifinale
Anders Mol og Christian Sørum er klare for semifinale i verdsserieturneringa i sandvolleyball i mexicanske Cancun etter 2-0-siger over Arthur/Guto måndag.
Etter å ha vunne innleiinga av turneringa, sparte ikkje den norske superduoen på noko i kvartfinalen. Dei vann til slutt med settsifra 21-14 og 21-14.
Dermed skal duoen til semifinale som blir spela natt til tysdag. Der møter dei den tsjekkiske duoen Perusic/Schweiner som slo russiske Semenov/Leshukov 2-1.
Turneringa er den første nordmennene spelar på halvanna år. Mol har slite med skade i fleire månader.