Bolsjunov fekk sin revansje
Aleksandr Bolsjunov stakk av frå resten av feltet ut på den siste runda, og hadde full kontroll på 15-kilometeren i Engadin.
– Du kan ikkje anna enn å bli frykteleg imponert over den skiløparen hans er, seier Norges trenar Eirik Myhr Nossum.
Vi fekk aldri nokon reprise av spurtoppgjeret frå VM i Oberstdorf. Johannes Høsflot Klæbo blei beste nordmann på andreplass etter at han spurtslo Pål Golberg.
Øvrige norsk plasseringar var Simen Hegstad Krüger (5.), Hans Christer Holund (8.), Martin Løwstrøm Nyenget (9.), Erik Valnes (12.), Harald Østberg Amundsen (13.), Daniel Stock (16.) og Jon Rolf Skamo Hope (44.).
I morgon skal denne resultatlista gi utgangspunktet for 5-mila, som blir gått som ein jaktstart.