Real slakt, men Ødegaard slepp unna
Den spanske sportspressa er ikkje nådig med Real Madrid etter 1-4-tapet for Valencia søndag kveld. Sju av spelarane, inkludert heile forsvarsrekkja, får ikkje karakter i det heile tatt på Marcas spelarbørs.
Martin Ødegaard er ikkje blant dei. Han får 1 på børsen, der skalaen går frå 0 til 3.
Ødegaard kom innpå midt i andre omgang, like etter at Carlos Soler hadde scora Valencias siste mål på si tredje straffescoring for kvelden.