Hopp til innhold

Spansk La Liga 2020/2021

Siste nytt

  • Hovland tre under par laurdag

    Viktor Hovland avanserte nokre plasseringar da han gjekk 3.-runden av storturneringa i Memphis på tre slag under par. Totalt står han med seks slag under par.

    Det held til foreløpig delt 29.-plass. Han starta dagen på 46.-plass. Over halve feltet har så vidt starta på sin tredje runde.

    Viktor Hovland starta med ein birdie, men rauk på ein bogey på hol nummer to og var tilbake på par for runden.

    Han slo til med ein birdie på det neste par-fem-holet.

    Etter fem hol på par følgde det ein bogey på niande holet, og han var tilbake på par for runden. Han følgde deretter opp med ein birdie på det tiande holet. Det blei bogey på hol 13 og han var nok ein gang tilbake på par.

    Han reparerte mykje da han gjorde to raske birdiar på hol 14 og 15. Et dårleg andreslag, der han måtte droppe, øydela moglegheita for å avansere ytterlegare på det 16. holet – et par-fem-hol.

    Dagens sjette birdie kom på avslutningsholet. Han hadde også tre bogeys på runden.

    Viktor Hovland
    Foto: Stacy Revere / AFP
  • Kontroversar rundt utlikning i Bergen

    Stabæk såg lenge ut til å bli det første laget som skulle slå Brann i Bergen i Toppserien denne sesongen, men Brann greidde å utlikne til 1-1 på ei kontroversiell scoring fire minutt på overtid.

    Iris Omarsdottir scora etter ein halv time i første omgang. Branns overtids-utlikning kom ved Maria Brochmann, som var sist på ballen i ei mølje etter corner.

    - Den scoringa burde ikkje blitt godkjend, sa Stabæks keeper Sunniva Skoglund til NRK.

    - I gode ni av ti tilfelle får keeper medhald i slike situasjonar, sa NRKs Carl Erik Torp.

    Brann kunne sikra seg sigeren i grunnserien og 6 poeng i sluttspelet med siger. Trass poengtapet er det likevel så godt som sikkert at Brann vinn grunnserien.

    Også Rosenborg og Vålerenga er sluttspelklare. Fire lag kjempar om den fjerde og siste sluttspelplassen, inkludert Stabæk.

    I det kontroversielle sluttspelet får dei fire laga med seg 6, 4, 2 og 0 poeng.

    Tidlegare denne veka varsla supporterklubbane i dei største Toppserie-klubbane at dei ikkje vil stille opp med organiserte aktivitetar på kampen i sluttspelet, i protest.

    – Lytt til supportarane, vi er ein ekstremt viktig del av fotballen, og vi vil ikkje ha det. Det er mange andre som ikkje vil ha det heller, ingen vil ha det, sa Gjert Moldestad frå Bataljonen då sluttspelet blei diskutert på NRK i pausen.

  • 17-åring med ellevill verdensrekord på 100 m fri

    2004-modellen David Popovici satt ny verdensrekord da han tok EM-gull under EM i Roma lørdag kveld. Den gamle rekorden har stått siden 2009, men i Roma slo han ny verdensrekord med fem hundredeler.

    Den nye rekorden står nå på 46.86 av Popovici. Det som gjør prestasjonen ekstra imponerende er at den gamle verdensrekorden til Cesar Cielo ble satt på høyden av de såkalte «superdraktene». Mange store profiler har siden mislyktes med å slå Cielos rekord.

    APTOPIX Italy Swimming Europeans
    Foto: Andrew Medichini / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 52 klipp
Sport
Spiller nå
Her stagediver Vetle Sjåstad Christiansen etter den fjerde Blink-seieren 00:55
Neste