Real Madrid best i «El Clasico»
Sergio Ramos' straffespark 18 minutt etter pause og Luka Modric overtidsmål gav Real Madrid siger 3-1 i sesongens første El Clasico, og det på Barcelonas bane.
Real-veteran Ramos spela sitt El Clasico nummer 45.
Kampen starta med eit smell, og allereie etter åtte minutt stod det 1-1. Federico Valvede scora først for Madrid, men 17 år gamle Ansu Fati scora sitt fjerde mål for sesongen og utlikna.
Ramos' straffe kom etter at han sjølv var felt. Etter VAR-gransking peika dommaren på straffemerket, og Ramos scora sikkert.
Sigeren sende Real Madrid til topps på tabellen. Barcelona er nummer 10 etter berre eitt poeng på dei tre siste kampane.