Russiske skiskyttarar utestengt
Skiskyttarane Jekaterina Glazyrina (33) og Timofey Lapsjin (32) er midlertidig utestengt for brot på dopingreglementet, melder det internasjonale skiskyttarforbundet.
Lapsjin har konkurrert for Sør-Korea sidan 2017.
Glazyrina og Lapsjin er utestengt basert på bevis som følge av McLaren-rapporten og informasjon henta ut av dopinglaboratoriet i Moskva.
Glazyrina var utestengt i ein periode frå 10. februar 2018 til 9. februar 2020. Det vart ho fordi ho vart tatt for bruk av eit forbode stoff.
Lapsjins namn har ikkje tidlegare vore knytt til brot på dopingreglementet. (NTB)