Wigan mister 12 poeng
Championship-klubben Wigan er sett under administrasjon og blir derfor trekt 12 poeng, melder Daily Mail.
Det er manglande inntekter på grunn av korona-epidemien som er årsaka.
Med 12 minuspoeng er det stor fare for at klubben rykkjer ned i League One. Wigan er i dag nummer 14, åtte poeng framfor Huddersfield på øvste nedrykksplass. Seks kampar står att i ligaen.
Skulle Wigan rykkje ned av "naturlege" grunnar, blir poengstraffa overført til neste sesong.